Hopp til innhold

Svært skuffa over ja til milliardutbytte

Statoil si generalforsamling har sagt ja til milliardutbytte til Statoil sine aksjonærar. Dette trass i protestar både frå tilsette og Greenpeace.

Generalforsamling Statoil

Konsernsjef Eldar Sætre på Statoil si generalforsamling tysdag.

Foto: Kjersti Hetland

Dei Statoil-tilsette kravde ei halvering av utbytte til Statoil-eigarane – frå 24 milliardar kroner ned til 12.

Dette for å spara pengar og redda arbeidsplassar i ei krevjande tid.

Men eit solid fleirtal stemte ned forslaget til dei Statoil-tilsette om å halvera utbytte til aksjeeigarane.

– Eg er svært skuffa. At staten, med sine 67 prosent i selskapet, stemte med styret er uansvarleg, seier konserntillitsvald for YS i Statoil og forbundsstyremedlem i SAFE, Bjørn Asle Teige, til NRK.

– Ta Statoil ut av børsen

Ståle Kyllingstad

Ståle Kyllingstad vil ta Statoil ut av børsen.

Foto: Inger Johanne Stenberg

Den var han som fremja forslaget om å halvera Statoil-utbytte på vegner av dei tilsette under generalforsamlinga i Stavanger.

Konsernsjef i IKM-gruppa, Ståle Kyllingstad, vil ikkje berre kutta utbytte. Han tar også til orde for å ta Statoil ut av Oslo Børs.

– Selskapet lar seg for mykje styra av parametera til børsen. Statoil er oppretta for å ta vare på norske interesser på norsk sokkel. Det opplever eg at dei ikkje gjer nå. Argumentet er ofte at selskapet er børsnotert og at dei derfor må oppføra seg som andre børsnoterte selskap, seier han til NRK.

– Treng ikkje børsen

Kyllingstad trur det kunne vore ei større politisk styring av selskapet dersom det var utanfor børsen.

– Børsen er ein plass for dei som skal henta kapital til selskapet. Det treng ikkje Statoil. Dei er veldig kredittverdige og kan også låna pengar.

Statoil har ikkje vore tilgjengelege for å kommentera saka i kveld.