Svært betongelement knuste kontainer

Vaieren på mobilkrana rauk tvert av då ein betongdragar skulle setjast på plass på den nye brannstasjonen i Sandnes. Nå jobbar entreprenøren med å finna svar på korleis det kunne skje.

Uhell på byggeplass

NY BRANNSTASJON: Det var på byggeplassen til den nye brannstasjonen til Rogaland brann og redning at uhellet skjedde.

Foto: Tommy Simonsen

Litt etter klokka halv tre onsdag ettermiddag fekk politiet melding om eit betongelement som hadde deist i bakken på byggetomta til den nye brannstasjonen for Sør-Rogaland i Årsvollvegen i Sandnes.

– Det var ein svær betongdragar som deisa i bakken då me var i ferd med å setja den på plass. Ingen personar kom til skade, men av materielle skadar blei mellom anna ein konteinar knust, seier Rune Hognestad som er regiondirektør for entreprenørselskapet Kruse Smith.

Det er dei som er ansvarlege for bygginga.

Vaieren rauk

Rune Hognestad

GRANSKAR UHELLET: Rune Hognestad er regionsdirektør i Kruse Smith, han seier at dei vil finna ut av korleis vaieren kunne ryka tvert av.

Foto: Kruse Smith

Han forklarer vidare at det var vaieren på den innleigde mobilkrana som rauk då dragaren skulle setjast på plass.

– Dette skal ikkje skje, så me jobbar nå saman med Nordic Cranes for å finna ut av kvifor det gjorde det likevel. Etter det me forstår er det ikkje lenge sidan at krana blei godkjent av tredjepart, seier Hognestad.

Politiet avslutta oppdraget på staden raskt.

– Dette er først ei sak for politiet dersom det var brot på tryggingsrutinar, seier Egil Karlsen operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt avdeling Stavanger.

Arbeidstilsynet er også varsla.

– Rutinane har blitt følgt, så det er heldigvis ikkje snakk om personskadar i samanheng med ulukka, seier Hognestad.

Laster kart, vennligst vent...

ÅRSVOLLVEIEN: Her skjedde uhellet.

Flere nyheter fra Rogaland