– Det er ei svært alvorleg ulukke, seier operasjonsleiar Olaug Bjørnsen i Sør-Vest politidistrikt.
Ulukka vart meld like før klokka 19 onsdag kveld.
Førar av bilen ser ut til å vere uskadd. To andre personar, ein av dei passasjer på motorsykkelen, var involvert i ulukka.
Politiet i Sør-Vest stadfestar onsdag kveld på Twitter at ein gut i tenåra døydde i ulukka. Dei pårørande er varsla og tekne vare på.
Passasjeren fekk lettare skader.
Statens vegvesen, krimteknisk og ulukkesgruppa til politiet er på staden.
Foto: HEIDI KARIN GILJE SKOGPolitiet gjer undersøkingar på staden for å finne ut kva som har skjedd.
– Krimteknisk og ulukkesgruppa er på veg, seier Bjørnsen onsdag kveld.
Det var 16 år gamle Erlend Ørland frå Hommersåk som omkom i ulukka. Namnet er frigitt i samråd med pårørande.
Ulukka gjer til at Jødestadveien er stengt i båe retningar.
Foto: Ingvar Skjørestad / NRK-tipser