– Det mest hårreisande eg har sett

Forslaget om å bygge ut E134 til fire felt og 110 km/t vekker sterke reaksjonar. – Har ein gått fullstendig av hengslene, spør Arne Nævra (SV).

Kø E134 Høydalsmo

E134 går frå Karmøy til Oslo via Røldal, Haukeli og gjennom Telemark, her frå Høydalsmo, og vidare gjennom Kongsberg og Drammen fram til hovudstaden. Vegen kan gjerne bli betre, men fire felt er ikkje naudsynt, meiner både politikarar og miljøorganisasjonar.

Foto: Britt Boyesen / NRK

– Dette er det mest hårreisande eg har sett. Er ein gått fullstendig av hengslene, spør Arne Nævra, som sit i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget for SV.

Etter at NRK skreiv saka om Nye Veier sitt forslag til ny E134 mellom aust og vest, har ikkje reaksjonane latt vente på seg.

Forslaget om fire felt og fartsgrense på 110 kilometer i timen mellom Bergen og Oslo blei lagt fram på ein vegkonferanse i Tysvær torsdag. Nye Veier, som frå 2016 har overtatt fleire av Statens vegvesen sine prosjekt, er bedne om å foreslå fleire strekningar dei kan overta.

E134 er ein av strekningane, og forslaget kjem i samband med forarbeidet til Nasjonal Transportplan 2022–2033.

Fekk hakeslepp

Den nye vegen er førebels berekna å koste mellom 120 og 150 milliardar kroner.

Arne Nævra, transportpolitisk talsperson i SV

Arne Nævra (SV).

Foto: Johan Sættem

– Viss dette skjer, er det heilt utruleg med tanke på FNs mål for klima og bevaring av natur, seier Nævra, som seier han «fekk hakeslepp» då han las om forslaget.

Viss E134 blir slik Nye Veier har foreslått, gjer han andre vegar overflødige. Det er allereie bygd eller planlagt fire felt på kvar side av Kristiansand og ferjefri E39 nordover på Vestlandet.

– Sørlandet rundt pluss ferjefri E39 blir i så tilfelle overdimensjonert. Ein har kasta milliardar ut vindauget, seier han.

NRK har vore i kontakt med Samferdselsdepartementet for ein kommentar i denne saka, men har foreløpig ikkje fått noko svar.

Laster kart, vennligst vent...

Dei blå linjene viser ein nordre og søre trasé kor ny E134 kan gå. Nye Veier presiserer at linjene ikkje er eit endeleg traséval. Dei grøne linjene viser traseane for ei toglinje som kan forbinde aust og vest.

Heller ikkje Naturvernforbundet er begeistra for forslaget om utbygging.

– Dette føyer seg inn i rekka av gigantiske vegplanar som aldri må bli realiserte, seier Holger Schlaupitz, fagsjef i Naturvernforbundet.

Fryktar fleire bilar

Organisasjonen fryktar ein slik veg vil skape meir persontrafikk med bil og meir godstransport med lastebil. E134 bør bli rusta opp, men ikkje for ein kvar pris, meiner han.

Holger Schlaupitz

Holger Schlaupitz, fagsjef i Naturvernforbundet.

Foto: Naturvernforbundet

– La oss heller bruke meir pengar på å halde ved like eksisterande vegar. Det kan gjerast for langt mindre pengar og nå breiare ut, seier han.

Forbundet håpar samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) står ved det han sa då han starta, nemleg at klima og trafikksikkerheit må få høg prioritet.

– Da må han droppe slike gigantiske motorvegplanar, avsluttar Schlaupitz.

Beate Marie Dahl Eide

Beate Marie Dahl Eide (Sp), ordførar i Seljord.

Foto: Hans Cosson-Eide / NRK

Vil ha tog

Seljord ligg i den austre enden av E134. Ordføraren der, Beate Marie Dahl Eide (Sp), tar gjerne imot betre infrastruktur gjennom kommunen sin. Men ikkje slik Nye Veier foreslår.

Dahl Eide vil gjerne ha betre veg for å sleppe kolonnekøyring om vinteren, men fire felt er ikkje naudsynt, meiner ho.

– Det må vere ei politisk målsetning at den raskaste måten å reise mellom aust og vest skal vere på skjener. Du kan bu i distrikta og arbeide både i Bergen og i Oslo. Det er også den mest klimavenlege løysinga. Og lønnsam, seier ho til NRK.

Frp hyller ideen

– Dette er fantastisk spennande, seier Bård Hoksrud (Frp), første nestleiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen.

Hoksrud meiner forslaget om fire felt og fartsgrense på 110 kilometer i timen mellom Bergen og Oslo vil redusere avstandar og utgiftene for folk og næringsliv.

– Dette er sånn me i Frp meiner ein må handle og tenkje når me skal bygge framtidas vegar og infrastruktur. Dette vil og vere med på å forstørre bustads- og arbeidsregionar, og gje folk meir valfridom, seier Hoksrud.