Stenger ei fødeavdeling i to veker

Over 30 tilsette ved Kvinneklikken på Stavanger universitetssjukehus er i karantene. Alle ressursane blir no samla på ei avdeling.

60 tilsette ved Stavanger universitetssjukehus er i karantene, 30 av dei jobbar på Kvinneklinikken.

– Me har funne ei løysing som skal gjera det fullt forsvarleg og mogleg å ha eit trygt tilbod for alle fødande som soknar til sjukehuset, sa administrerande direktør ved Stavanger universitetssjukehus, Inger Cathrine Bryne, på eit pressmøte måndag.

Sundag blei det kjent at ein tilsett ved fødeavdelinga på Stavanger universitetssjukehus er smitta av koronaviruset.

Vedkomande hadde vore i Austerrike og var ein del av eit reisefølgje på seks personar. Fem av dei er tilsette på SUS, alle ved Kvinneklinikken. Svaret på om dei er smitta vil koma i løpet av dagen.

Vil berre ha ei avdeling open

Medarbeidarane var på jobb i to dagar etter at dei kom heim frå reisa. Då ein av dei tilsette fekk påvist smitten, valde sjukehuset å stenga ein av to fødeavdelingar. I tillegg er over 30 tilsette på avdelinga i karantene.

– Me kjem til å samla fødetilbodet vårt på ei avdeling. Truleg vil den store fødeavdelinga, som snart er ferdig smittevaska, vera i bruk i desse 14 dagane, seier Bryne.

Den avdelinga vil truleg bli tatt i bruk i løpet av mådang ettermiddag eller tysdag morgon. Dette vil bety at Fødeloftet vil bli stengt av.

– Gjennom tiltaka me no gjer, vil det vera eit fullt ut forsvarleg fødetilbod på sjukehuset. Eg er trygg på at pasientane vil få den hjelpa og oppfølginga dei har krav på, presiserer direktøren.

Sjukehuset har gjort nokre omprioritertingar for å få dette til. Ein del av den planlagde verksemda vil vera betydeleg redusert i denne perioden.

Inger Cathrine Bryne og Jon Sundal på eit pressemøte måndag.

Administrerande direktør Inger Cathrine Bryne og smittevernoverlege Jon Sundal ved SUS informerte om situasjonen på eit pressemøte måndag.

Helsepersonell i karantene

Det er no i alt 60 tilsette ved Stavanger universitetssjukehus som er i karantene.

Frå før er det påvist smitte hos helsepersonell ved fleire andre institusjonar i Noreg. Tidlegare sundag blei det kjent at 39 tilsette ved Sunnaas sykehus på Nesodden er sett i heimekarantene etter at ein tilsett hadde testa positivt på koronaviruset.

Ved Ullevål sjukehus var 300 tilsette i karantene på grunn av smitte hos sjukehustilsette tidlegare denne veka. Sist sundag kom Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet med nye råd til helsepersonell.