Hopp til innhold

Surfar redda mann frå farleg sjø

– Straumen hadde teke han lenger og lenger ut, og han kom seg rett og slett ikkje inn, fortel Helge Reinsnes Moen som var ute og surfa då ein mann fekk problem i sjøen på Bore.

Helge Reinsnes Moen

Helge Reinsnes Moen surfar og er van med sjøen. Brettet kom til nytte då han måtte hjelpa ein uheldig badegjest på Borestranda.

Foto: Privat

– Eg var ute i vatnet og koste meg, då eg såg noko oppstyr på stranda. Eg skjøna ikkje kva som føregjekk, men plutseleg såg eg ein som hadde problem i vatnet.

Helge Reinsnes Moen var ute og surfa på Borestranda tysdag då det nesten gjekk gale for ein badegjest.

– Han var godt trent, men likevel kjempesliten. Han hadde bada og blitt teken av straumen som hadde teke han lenger og lenger ut. Det var veldig mykje straum der me var, både fram og tilbake, og han kom seg rett og slett ikkje inn.

– Så då måtte eg jo berre kome til unnsetning då. Eg padla bort til han for å prøva å få han til å slappa av og la han kvila litt på surfebrettet mens eg prøver å padla han inn, fortel surfaren.

Mykje undervasstraumar

– Borestranda er ikkje ei badestrand på grunn av mykje undervasstraumar og mykje bølger, det er farleg, meiner Reinsnes Moen.

Han får støtte av Jæren Friluftsråd.

Henry Tendenes

Leiar i Jæren friluftsråd, Henry Tendenes meiner det viktigaste er at folk tek omsyn til elementa dei ferdast i og ikkje tek sjansar.

Foto: Øystein Ellingsen

– Det kan vera farleg langs stranda, men me har sett opp skilt, seier Henry Tendenes, leiar i friluftsrådet.

– Skilta viser kva folk bør gjera om det skulle gå gale i vatnet. Det viktige er å ikkje gå imot, men trekka ut til sidene til ein kjenner at ein er klar av straumen. Først då kan ein symja inn og koma seg på land.

Jærkysten utsett

Tendenes understrekar at forholda langs strendene varierer, men seier at jærkysten generelt er utsett for potensielt farlege havstraumar.

– Ein må rett og slett ta omsyn til elementa ein ferdast i, og kanskje ikkje gå så langt ut, åtvarar han.

Reinsnes Moen meiner det var alt for mykje straumar og bølger til at det var trygt å bada denne dagen, men er glad det ikkje gjekk gale.

– Det gjekk bra til slutt, eg fekk padla han inn. Det er ubehageleg å oppleva slikt, men det gjeld å ikkje tenka så mykje og berre redda personen. Det er klart det er ikkje ein situasjon ein har lyst å hamna i, men det kjem til å skje fleire gonger, trur han.

NRK har ikkje lukkast i å få tak i badegjesten.