NRK Meny
Normal

Supporterbuss avskilta – 30 fans måtte finna alternativ transport

30 fotballsupporterar som var sugne på fotballkamp måtte pressa seg inn i eit lite busskur, etter bussen deira blei avskilta. Der stod dei framleis då Statens vegvesen var ferdige med kontrollen sin.

Supporterbuss avskilta

Her er bussen etter den blei avskilta.

Foto: Vegvesenet

– Eg vil ikkje gå ut med kva lag dei høyrde til, men det var om lag 30 fotballsupporterar, seier Leif Skretting frå Statens vegvesen.

Alle måtte av

Han har i dag gjennomført kontroll av tungtransport på E39 på øya Sokn i Rogaland.

Ein av bussane dei vinka inn hadde krav om avskilting på seg. Dermed måtte alle passasjerar ut og finna seg andre måtar å koma seg fram på.

– Det viste seg at dette var fotballsupporterar som hadde leigd ein buss, som skulle ta dei til ein fotballkamp. Plutseleg var det fullt av supporterar på kontrollområdet, fortel Skretting.

– Korleis tok dei det?

– Dei synst ikkje det var veldig kjekt kan ein vel sei.

Å finna seg alternativ transport er nok lettare sagt enn gjort på denne aude staden.

Stod i busskur

Årsaka til at dei tok skilta av bussen var at eigaren ikkje hadde retta opp feil som hadde blitt påpeika i EU-kontrollen.

– Supporterane byrja å ringa rundt, og dei stilte seg opp i eit busskur, der stod dei framleis då me reiste frå staden, fortel Skretting.

Han håper likevel at alle nådde fram til kampen, og minner om kor viktig det er å retta opp feil etter EU-kontroll.