Hopp til innhold

Supportarane var nervøse før kampen

Bryne-supportar Bjørn Ege klarer nesten ikkje å snakka. Tanken på eit Bryne-lag i 2. divisjon er for deprimerande.

Bryne-supportar Bjørn Ege er uroa før kampen mot Bærum

– Eg har problem med å snakka. Eg traff kjentfolk i stad, og eg sleit med å la vera å grine, seier Bryne-supportar, Bjørn Ege.

Han står klar på ståtribunen på Bryne stadion, og er nervøs før skjebnekampen mot Bærum.

Blir det tap på Bryne i dag, rykker dei ned i 2. divisjon. Blir dei seier blir dei verande i 1. divisjon.

– Dette kan bli den beste dagen i mitt liv, og det kan bli den verste. Eg slit, seier Ege.

For Ege seier at laget ikkje berre betyr mykje for han, men også for kommunen.

– Du kan seia det slik at det er tre ting med er kjende for her i Time kommune. Det er Bryne FK, Kaizers Orchestra og Arne Garborg. No kan me snart mista alle tre, seier Ege.

Sjå fleire stemningsrapportar i videoane under

Bryne må vinne mot Bærum for å halde seg i 1.divisjon. Supportarane er nervøse før kampen.
Bærum-supportarane har sympati med Bryne.
Laster innhold, vennligst vent..