Dei lagar landets beste lokalavis

Suldalsposten er kåra til årets beste lokalavis av Landslaget for lokalaviser. – Som å vera med i ein film, seier redaktøren.

Suldalsposten kåra til årets lokalavis

Glade vinnarar saman med medlemmer av juryen. Frå venstre Tom Hetland (juryen), Marta-Brit Lunde (Suldalsposten), redaktør og dagleg leiar Astrid Espeland, Anna Jacobsen (juryen), Esther Moe (Suldalsposten) og Svein Olav Langåker (juryen)

Foto: Vidar Alfarnes

Tildelinga fann stad under Landslaget for lokalaviser (LLA) sitt landsmøte i Bergen laurdag kveld.

– Eg er veldig overraska, og veldig glad, seier redaktør og dagleg leiar Astrid Espeland til NRK morgonen deretter.

– Eg vakna i dag tidleg og tenkte WOW, me har gjort det, seier ho og.

Mange godord

Og det er ikkje småtteri av godord juryen kjem med:

« ... avisa tar vare på historie, identitet og tradisjon, samtidig som ho peikar framover og plasserer seg godt i det nye mediebildet. Gjennom gode retoriske grep, glitrande skribentar og vakkert språk skil ho seg ut som ei avis som på førebiletleg vis ikkje bere ein berar av det journalistiske handverket, men også den skriftlege kulturarven.»

– Eit lagarbeid

Suldalsposten kjem ut to dagar i veka og dekker primært Suldal kommune. I Redaksjonen er det sju kvinner, og redaktøren gjev dei mykje av æra for utmerkinga:

– Dei jentene som jobbar i Suldalsposten gjer ein veldig, veldig god jobb. Så slik sett er eg ikkje overraska over at juryen seier fine ord om dei, seier ho.

Suldalsposten er i medvind for tida, med opplagsauke på 26 aviser i fjor, fortel Astrid Espeland. Det er eit resultat av målretta arbeid, trur ho.

– Me snakkar ofte om kva me skal gjera, og korleis me skal bli betre, og vurderer det me har gjort. Og dette er alle i avisa med på. Det er kjekt å lage avis i Suldal, seier ho,