Hopp til innhold

Suldal positive til røldalsflørten

Røldal er misfornøgde med sin nåverande kommune Odda og ser om graset er grønare i Suldal. Politikarane i Suldal er positive til å greia ut ei framtid med skibygda.

Røldal

Røldal vil til Suldal fordi dei er misfornøgde med Odda kommune. Bilete er frå Røldal skisenter.

Foto: Røldal skisenter

Eit ekstraordinært formannskap i Suldal stilte seg tysdag kveld positive til å greia ut ei grensejustering, slik at Røldal blir ein del av kommunen.

Røldal var eigen kommune fram til 1964. Etter det har fjellbygda vore ein del av Odda kommune.

Men ei arbeidsgruppa har i ein lengre periode jobba med å undersøka om bygda bør forlata Odda og heller bli ein del av Suldal kommune.

Misnøye med Odda i Røldal

Bakgrunnen er lang tids misnøye, fortel Roger Lynghammer, som sit i arbeidsgruppa som ser på om Røldal skal bli ein del av Suldal.

– Me har sett at Røldal har blitt lite tilgodesett med investeringar, så det har vore eit gryande opprør dei siste par åra. Det har vore nedtak både i skule og helse, og det har vore misnøye fordi både ein fleirbrukshall og eit pilegrimssenter har blitt nedprioritert, seier Lynghammer.

– Kva må Suldal legga på bordet for at det skal vera aktuelt?

– Det som er viktig for bygdefolket er at me i alle fall får behalda den strukturen me har i bygda. At me får behalda grunnskulen med barneskule og ungdomsskule, legetilbodet og at me har ein sjukeheim til våre eldre.

Einige om svar

Gerd Helen Bø

Gerd Helen Bø, ordførar i Suldal (Sp).

Foto: Joachim Steinbru

Formannskapet i Suldal blei tysdag kveld einige om eit svar til Røldal. Der stiller dei seg altså positive til å greia ut ei grensejustering mot nord, slik at Røldal blir ein del av kommunen.

Når det gjeld krava arbeidsgruppa i Røldal har på tenestetilbodet seier ordførar i Suldal, Gerd Helen Bø (Sp), at det er usikkert om dagens sjukeheimen i Røldal består eller om det blir eit bu- og omsorgssenter ved eit eventuelt kommunebyte.

I tillegg svarer Suldal at det er mindre sannsynleg å oppretthalda legekontoret i Røldal med faste kontordagar. I dag har legekontoret i Røldal ein fast kontordag.

– Det me har kome fram til sender me til arbeidsgruppa i Røldal, så får dei vurdera om svara våre er konkrete nok, seier ordførar i Suldal, Gerd Helen Bø (Sp).

Roald Aga Haug

Roald Aga Haug, ordførar Odda (Ap).

Foto: Tale Hauso / NRK

Ordføraren ser fleire fordelar med å innlemma Røldal i Suldal.

– Me har like interesser med å rusta opp riksveg 13 Brattlandsdalen, i tillegg er turisme viktig for både Suldal og Røldal.

– Heilt fair

Ordførar i Odda, Roald Aga Haug (Ap), er godt kjent med arbeidet til prosjektgruppa i Røldal.

– Det er ei heilt fair sak at ei arbeidsgruppa i Røldal jobbar for å sjå om det er grønare på andre sida av gjerde. Men me ønsker å ha Røldal med vidare og me trur mange røldøler er opptatt av å vera ein del av Odda kommune.

Ordføraren seier Odda kommune forhandlar med nabokommunane Jondal og Ullensvang med tanke på ei samanslåing.

Røldal vurderer å gå til Suldal kommune.

VIDEO: Sjå tv-reportasje om Røldal som ser på ein overgang til Suldal.