Miljøretta helsevern og sjenkekontroll i Sør-Rogaland har utført 200 kontrollar i tilsaman 14 kommunar etter at røykelova blei innført 1.juni.
Berre tre stader har gjestene fått røyka utan at dei tilsette har reagert og avdelingsleiar Geir Tore Aamdal, seier han er positivt overraska over dei gode resultata.
Aamdal trur folk no er så vande med røykelova at det heller ikkje vert noko problem til vinteren.