Hopp til innhold

Styrka mistanke om drap

Politiet har i dag blitt meir sikre på at den 24 år gamle sudanske kvinna i Egersund blei drepen. Ektemannen blir framstilt for varetektsfengsling i morgon.

Krimteknikarar i Egersund

Krimteknikarar jobba også onsdag ved huset der den 24 år gamle kvinna døydde i samanheng med ein brann måndag kveld.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Som følge av etterforskinga er mistanken mot den sikta styrka. Av taktiske årsaker ønsker eg ikkje å gå nærare inn på dette, seier politiadvokat Fredrik Martin Soma.

Det var måndag kveld det kom melding om at ei 24 år gamal kvinne var funnen død i samanheng med ein brann i ein kjellarleilegheit i Egersund. På grunn av omstenda på staden, blei mannen hennar sikta for drap. Begge to er opphavleg frå Sudan.

– Politiet vil halde fram med å avhøyre personar vi meiner kan vera relevante for saka, seier Soma.

Han legg til at det står att fleire tekniske og taktiske etterforskingsskritt.

Nye avhøyr

I heile går og heile dag har mannen vore inne til avhøyr hos politiet i Stavanger. Ifølgje advokaten hans, Asbjørn Stokkeland, meiner den sikta mannen at det ikkje snakk om eit drap, men ei brannulukke med fatalt utfall.

Naboar NRK har snakka med meiner at dei høyrde smell før brannen.

Sikta vil bli framstilt for varetektsfengsling i Stavanger tingrett i morgon klokka 09.00.

Krimteknikarar på plass

Krimteknikarar har også i dag jobba på åstaden. Det skal dei truleg også gjera i morgon.

– Dei starta arbeidet sitt i går, men blei ikkje ferdige. Huset vil vera sperra av heilt til me meiner det er klart til å bli frigitt, seier Soma.

Egersund voksenopplæringssenter

Klokka seks i kveld skal sudanarar samla seg her på vaksenopplæringssenteret i Eigersund.

Foto: Sem Hadland / Egersund kommune

I kveld skal det sudanesiske miljøet i Rogaland samlast.

– Det sudanesiske miljøet har spurt kommunen om det er mogleg å få til ei samling, noko me har sagt ja til. Her vil kriseteamet vera til stades dersom det er nokon som har behov for hjelpa deira, seier kommunalsjef for informasjon i Eigersund kommune, Leif Broch.