Hjullastaren kan køyrast med spakstyring i 40 kilometer i timen, og både ratt og spakstyring fungerer samstundes. Havarikommisjonen meiner dette er farleg og no ber dei Arbeidstilsynet om å sjå på saka.
Ei mogleg reaksjon frå Arbeidstilsynet kan vera at dei ber Volvo trekka tilbake hjullastarane av typen som var innvolvert i ulykka i Bjerkreim, L 120 E.
Denne hjullastaren skiljer seg ut frå tidlegare modellar frå Volvo. På dei gamle modellane har ikkje spakstyringa fungert over 20 kilometer i timen. Det gjer den på denne modellen, sjølv om Volvo si instruksjonsbok forbyr å bruka spakstyringa på veg og når farten er over 20 kilometer i timen. Like fullt er det altså mogleg.
- Dette er farleg fordi spakstyring langt meir sensitivt enn å styra med eit ratt. Små justeringar kan gje store utslag, og ein kan endra retning på maskina langt fortare enn med eit ratt. Derfor er det farleg å bruka dette på veg og i høg fart, seier direktør i Havarikommisjonen, Sverre Quale. Men Havarikommisjonen fryktar at dette kan vera mogleg på fleire modellar hjullastarar, derfor går ikkje tilrådinga berre på denne eine Volvo-modellen.
- Rattet fungerte ikkje
- Føraren av ulykkeshjullastaren ante ikkje at spakstyringa kunne fungera når han køyrde i 40 kilometer i timen, seier advokaten hans, Asbjørn Stokkeland. Føraren har forklart at han køyrde med rattet, men at han plutselig mista styringa, og at hjullastaren skar over i motgåande køyrefelt. Han prøvde å retta opp att hjullastaren med rattet, men det fungerte ikkje, seier Stokkeland og seier at klienten hans har forklart at styrespaken overstyrte rattet. Dette skal ikkje vera mogleg, i følge Volvo.
Hjullastaren kolliderte med ein personbil og tre personar omkom, to barn vart alvorleg skadde.
Føraren av hjullastaren er no sikta for brot på vegtrafikklova. Politiet meiner han har opptrådt aktlaust i trafikken. Havarikommisjonen meiner at styringssystema på hjullastaren kan vera ei årsak til ulykka, seier direktør Sverre Quale.
- Det viser seg i praksis at det kan vera mange årsaker som bidreg til slike ulykker, så langt meiner vi at dette er ei av årsakene, seier Quale.