Hopp til innhold

Her vil dei byggja 400 studentbustadar – meiner staten stikk kjeppar i hjula

Allereie neste år kan hybel-køen i Stavanger vera meir enn halvert, ifølgje studentorganisasjonen. Men Statsbygg har ennå ikkje konkludert.

Sara Beitz står på ei grasfylt tomt der ho ynskjer seg fleire studentbustadar.

Leiar av studentorganisasjonen i Stavanger, Sara Beitz, håper at det kan byggast 400 nye studentbustader på denne tomta.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Når kommunen seier ja og både universitetet og studentane støttar planane er det rart at Statsbygg skal stikka kjeppar i hjula og vera negative, seier Sara Beitz, som er leiar av studentorganisasjonen i Stavanger (Stor).

Ho syner fram eit jorde med gras på campus på Universitetet i Stavanger (UiS) der ho håper at dei snart kan gå i gang med å bygga 400 studentbustader.

Dersom planane blir realisert vil det bety mykje for ventelistesituasjonen. I går kom det fram at det over heile landet står om lag 17.000 studentar i hybel-kø.

Les også Måtte gi opp etter månedsvis i hybelkø: – Gjør Bergen mindre attraktiv for studenter

Kaja Ingdal Hovdenak

Meir enn halve køen

– Kjem ein i gang nå snart kan ventelista bli meir enn halvert i Stavanger til neste studiestart, seier Beitz.

I samanheng med saka i går sa minister for høgare utdanning, Ola Borten Moe, at regjeringa ønsker å auka takta på bygginga av nye studentbustader.

Men i Stavanger er det akkurat nå staten som let venta på seg, ifølgje både studentorganisasjonen, samskipnaden og leiinga ved universitetet.

– Det er veldig viktig med god framdrift her, og det kunne gått kjappare med Statsbygg, seier direktør for bygg og arealforvaltning ved UiS, Frode Alvheim til NRK.

Dei nye studentbustadane på campus i Stavanger.

I år opna 70 nye studentbustader på campus ved UiS, ti sekund etter dei blei gjort tilgjengelege blei dei rivne bort.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Statsbygg: – Me har ikkje sagt nei

Det er Statsbygg som eig grunnen universitetet står på, og det er derfor dei må vera med på laget når ein skal i gang med byggeprosjekt.

Og i Statsbygg er dei ikkje sikre på at ønske til Studentsamskipnaden i Stavanger (SiS) er det beste.

Sjølv om både universitetet og studentorganisasjonen meiner det. Statsbygg meiner at nabotomta også må vurderast.

Frode Alvheim

Frode Alvheim er direktør for bygg- og arealforvaltning ved Universitetet i Stavanger. Dei stiller seg bak studentsamskipnaden sitt forslag og meiner det er synd om det tar unødvendig lang tid for å få klar tomt til bygging.

Foto: UiS / UiS

– Me har ikkje sagt nei, men me vil at dette skal diskuterast og at det skal koma opp ein dialog. Me har ikkje konkludert ennå, seier kommunikasjonsdirektør i Statsbygg Hege Njaa Aschim.

Ho seier vidare at ho har forståing for at det er eit sterkt ønske om at ein skal konkludera i saka.

Hege Njaa Aschim, kommunikasjonsdirektør Statsbygg

Hege Njaa Aschim er kommunikasjonsdirektør i Statsbygg. Ho seier at det ville vore uansvarleg av dei som tomteeigarar å ikkje gjera ei skikkeleg utgreiing.

Foto: Geir Anders Rybakken Ørslien / Statsbygg

– Kva tenker du om at det blir hevda at Statsbygg set kjeppar i hjula for prosjektet?

– Eg tenker det er unødvendig å kritisera den prosessen me er i. Me er i ein prosess som alle deltar i, og det ville vore uansvarleg om me ikkje greia ut tomtegrunnlaget godt nok når me skal sikra at det blir bygd studentbustader som også skal ha ein god funksjon i framtida.

Les også Studentar får ikkje tak over hovudet – Mohammed (22) førebur seg på hotell

Mohammed Mousa

Vil ikkje ofra parkeringsplassar

Tomta Statsbygg held fram som eit alternativ ligg like ved og er allereie asfaltert. Nå blir ho brukt til parkering.

Ifølgje Statsbygg vil denne tomta kanskje vera betre eigna til å bygga på.

Sara Beitz peikar ned mot det nye sjukehuset, det som ville blitt utsikta frå studentbustadane. Ein ser matjord som ville blitt bygd ned om der kom bustadar.

Dette er tomta, mellom det nys sjukehuset i Stavanger og universitetet, der både SiS, Stor og UiS vil ha nye studentbustader.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

For studentorganisasjonen er det viktigaste at det blir bygd studentbustader, og at det skjer fort. Men Sara Beitz vedgår også at ho ikkje ønsker at studentane skal mista parkeringsplassar.

– For studentane treng ennå parkeringsplassar, når kollektivtilbodet har blitt betre kan heller desse byggast ned.

– Dessutan er den andre tomta mindre, så det blir plass til færre studentbustader der, avsluttar ho.