Hopp til innhold

Utanlandske studentar koronafaste i Stavanger

STAVANGER (NRK): Tre månadar etter at studietida i Stavanger var over, ventar seks studentar frå Malawi framleis på å koma seg heim.

Seks studentar på UiS kjem seg ikkje heim til Malawi.

Opphaldet i Stavanger blei lengre enn planlagd. Dei seks studentane frå Malawi håpar dei snart får reisa heim.

Foto: Erik Waage / NRK

– Det er over eitt år sidan eg har sett familien min. Eg har tre barn, den yngste er ei jente på ni år. Eg saknar dei, seier Charles Maonga.

Saman med fem andre studentar frå Malawi kom han til Noreg i august i fjor, for å vera på utveksling ved Universitetet i Stavanger i eitt studieår.

Utdanninga gjorde dei ferdig i juni. Heime i Malawi ventar familie og vener, men bustadadressa er framleis Ullandhaug, Stavanger, Noreg.

Koronapandemien har hindra dei frå å reisa heim.

Charles Maonga

Charles Maonga har ikkje sett familien sin på over eitt år.

Foto: Erik Waage / NRK

Strengare innreiserestriksjonar

– Flyplassane i landet mitt har vore stengde. Me har bestilt flybillettar fem gonger, men flygingane har blitt kansellerte kvar gong, seier Maonga.

Ved sida av han på kjøkenet i studentbustaden sit Kolace Silwimba. Ho seier det har tatt på at planane har blitt endra så mange gonger.

Kolace Silwimba

Kolace Silwimba seier det har vore utfordrande å ikkje veta når dei kjem seg heim.

Foto: Erik Waage / NRK

– Me har vore begeistra fordi me skulle få treffa familiane våre, men så plutseleg har flygingane blitt kansellerte. Det har sjølvsagt påverka oss, seier matematikkstudenten.

I Malawi er det strengare restriksjonar enn i Noreg. Det har vore generelt innreiseforbod fram til 1. september.

I Noreg har studentane delteke på eit prosjekt som er finansiert av norske styresmakter. Difor har dei fått forlenga både opphaldet i studentbustadane og stipenda dei har fått.

– Me er svært takknemlege for hjelpa me har fått, seier Silwimba.

Dei fleste har kome seg heim

Koronapandemien har skapt utfordringar både for internasjonale studentar i Noreg og for norske studentar i utlandet.

NRK har vore i kontakt med fleire av universiteta i Noreg. Men verken i Oslo, Bergen eller Stavanger kjenner dei til at andre internasjonale studentar ikkje har kome seg heim etter vårsemesteret var over.

Nå kan det også nærma seg ei løysing for dei seks studentane frå Malawi.

På flybilletten står det at dei skal vera på veg heim nå på fredag. Og denne gongen har dei eit håp om at dei skal få gå om bord.

– Eg har trua på at det skal gå denne gongen, seier Charles Maonga.

Det har også Kolace Silwimba. Ho seier opphaldet i Noreg har vore fint, men også ho har ein familie som ventar heime, som ho ikkje har sett sidan august.

– Aust eller vest, heime er best. Det skal bli veldig godt å sjå familien igjen.