Hopp til innhold

Dei har fått 600.000 kroner i støtte til ideen sin

Mange studentar kombinerer studiekvardagen med ei gründerbedrift. Nå får ei gruppe ingeniør- og økonomistudentar visa fram produkta sine på bustadmessa.

Satsing på innovasjon og nyskaping gir resultat på Universitetet i Stavanger. Mange studentar kombinerer nemleg studiekvardagen med ei gründerbedrift. I dag viste ei gruppe ingeniør- og økonomistudentar produkta sine fram i Stavanger.

– Mange tenker at det er så vanskeleg, og at du må ha masse erfaring og folk bak deg, seier Eirik Stokkeland.

Han og medstudentane, eller kanskje ein skal seie kollegaene, i Futurehome, har satsa stort på eit styringssystem for elektronikk i heimen.

Eirik Stokkeland

Eirik Stokkeland (nummer to frå høgre) og kollegaene i Futurehome.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Stokkeland og dei andre, alle mellom 23 og 27 år, har utvikla eit såkalla smarthuskonsept, eit styringssystem for elektronikk i heimen.

Dette lar deg styra lys og varme og anna elektronikk frå telefonen eller nettbrettet. Gründerane har allereie testa konseptet i 20 testbustadar.

Får visa seg fram for 10.000

Men at det verkeleg er vanskeleg, er ikkje Stokkeland einig i.

– Du trenger ikkje meir enn eit team som står saman. Då kan du få til det utrulege, meiner han.

Og det trur kanskje også Innovasjon Norge. Heile 600.000 kroner har dei gitt i støtte til Futurehome. I sum løyvd Innovasjon Norge i Rogaland rundt 20 millionar kroner i etablerartilskot i fjor.

Universitetet i Stavanger (UiS) har i sine strategidokument fram mot 2020 lagt vekt på å i større grad integrera innovasjon og entreprenørskap i studiane, og Stokkeland og dei andre har no kome eit godt stykke på veg. I helga skal dei visa fram styringssystemet ditt for dei 10.000 besøkande på bustadmessa i Stavanger.

– Klarer å skapa begeistring

– Desse studentane er vanvitig flinke i det dei holder på med, seier Tuan Williams, senioringeniør ved Universitetet i Stavanger.

Han er tett på studentane og likar det han ser: Eit stadig veksande gründermiljø på universitetet.

– For det første viser dette at våre studentar har ein driv til å gjennomføra gründerprosjekt og få merksemd. Dei klarer å skape begeistring over det dei held på med, meiner Williams.