Hopp til innhold

Her bur dei for 1000 kroner i månaden

Karmøy kommune lar svenske medisinstudentar bu billig i ein nedlagd sjukeheim for å sikra kommunen nok sjukepleiarar.

Karmøy har sett i gang eit uvanleg prosjekt, som skal gi kommunen nok sjukepleiarar dei neste åra. Mangelen på helsepersonell i norske kommunar er så stor, at det krev kreative tiltak til for å få nok folk.

SJÅ VIDEO: Anna Jadelind (t.v.) liker seg godt saman med sine svenske venar på den nedlagde sjukeheimen i Karmøy.

Nora Olsen-Sund

Helse- og omsorgssjef i Karmøy, Nora Olsen-Sund.

Foto: Thomas Halleland / NRK

For litt over tusen kroner i husleige kvar månad, og lovnad om å ta fleire helgevakter, får dei svenske medisinstudentane bu på den nedlagde sjukeheimen Avaldsnes aldersheim i Karmøy.

Dei er alle innleidde av kommunen for å jobba som sjukepleiarar i sommarferien. Og med justerbare senger og romslege lokale, trivst svenskane godt.

– Det er kjempefint å vera her. Me finn på mykje saman her, i tillegg er jobben også god, seier Anna Jadelind, som studerer medisin i Sverige.

24 hyblar med eigne bad

Å gjera om den nedlagde aldersheimen til eit hybelhus har ifølgje kommunen vore eit så vellukka prosjekt, at dei nå vil gjera ordninga fast for sjukepleiarstudentar i Haugesund.

– Erfaringane er så gode at me nå vil tilby denne bustaden til sjukepleiarstudentar, som skal studera ved Høgskulen Stord og Haugesund til neste år, seier Nora Olsen-Sund, helse- og omsorgssjef i Karmøy.

Det store kollektivet består av 24 hyblar som har eigne bad. Kjøkken og stove er felles, og alle har nettilgang.

Sikrar rekruttering

Dei som eventuelt skal bu etter sommaren må forplikta seg til ti helgevakter i året, med minimum to vakter kvar helg, i tillegg kjem husleiga som vil ligga ein stad mellom 1000 og 1500 kroner avhengig av kor mange studentar som inngår avtalen.

Dermed sikrar kommunen framtidig rekruttering, i tillegg til at studentane får relevant jobberfaring og får bu saman med studentar som studerer det same fagert.

– Behovet for sjukepleiarar vil truleg berre auka framover, for me får stadig fleire eldre. Desse treng hjelp i sjukeheimar og i sine eigne heimar, seier Olsen-Sund.

Og dei svenske medisinstudentane trur det vil vera lurt å utvida buprosjektet.

– Dette er ein flott plass å vera, og det er kort veg til jobb. I tillegg er det fint å bu mange saman, då er det alltid nokon heime når eg kjem heim, seier Jadelind.