Hopp til innhold

Ingunn studerer i «feil land» – kritisk til at regjeringa forskjellsbehandlar

Norske utanlandsstudentar har i snitt over 700.000 kroner i gjeld etter utdanninga. – Vi er nøydde til å botnskrape sparekontoen og ete smular, seier student på Island.

Ingunn Norstad

Student Ingunn Norstad studerer riding og rideinstruksjon på Island. Ho får ikkje noko ekstra støtte utover det Lånekassen gir alle studentar. Ho reagerer på at studentar blir behandla ulikt.

Foto: Privat

I mange land kan studentar få ekstra støtte eller stipend utover den summen Lånekassen tilbyr alle studentar frå Noreg.

Norske utvekslingsstudentar som studerer i mange av Europas land får Erasmus+-stipendet.

I Panorama-landa får studentar nå opptil 42.000 kroner i året.

Panorama-landa består av Brasil, Sør-Korea, Japan, Kina, Sør-Afrika og India.

NRK forklarer

Panorama: Kvifor blir desse prioriterte ?

Panorama: Kvifor blir desse prioriterte ?

Strategiske land

Brasil, India, Kina, Japan, Sør-Korea og Sør-Afrika er landa som inngår i strategien til regjeringa (Panorama).

Desse er del av eit forskings- og høgare utdanningssamarbeid med strategisk prioriterte samarbeidsland for perioden 2021 til 2027.

Panorama: Kvifor blir desse prioriterte ?

42.000 kroner i året

Det er regjeringa som har bestemt at studentane skal få meir støtte i Panorama-landa (42.000 kroner meir i året).

– Dei landa som er valde ut, står for ein høg og viktig del av den samla kunnskapsproduksjonen i verda, seier statssekretær Ivar B. Prestbakmo (Sp) i Kunnskapsdepartementet.

Panorama: Kvifor blir desse prioriterte ?

Vil at fleire skal velje landa

Dette er land der Noregs kunnskapspolitiske, næringspolitiske og utanrikspolitiske interesse samanfell.

Regjeringa meiner Noreg har behov for at fleire norske studentar får kunnskap om og erfaring frå desse landa.

Det ekstra stipendet er derfor meint å bidra til at fleire studentar vel desse landa.

Ingunn Norstad tar ei bachelorgrad i riding og rideinstruksjon ved Hólar University på Island. Her får ho ikkje noko støtte utover det Lånekassen gir alle utanlandsstudentar.

Studiet hennar er ikkje tilgjengeleg nokon andre stader.

– Min økonomiske situasjon er elendig. Det er urettferdig at nokon får ekstra støtte berre fordi dei vel eit spesifikt land, seier ho.

Ho har studert på Island i tre og eit halvt år. Studiestøtta hennar er på rundt 450.000 kroner for heile denne perioden.

Student Ingunn Norstad

Ingunn Norstad studerer ved Hólar University på Island. Her studerer ho riding og rideinstruksjon.

Foto: Privat

Studentorganisasjonen: – Støtta må aukast

Oline Sæther er leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO).

Ho meiner det skal vere mogleg å studere i utlandet utan eigenfinansiering.

– Derfor er det viktig at studiestøtta blir auka til 1,5 gonger grunnbeløpet og at det finst støtteordningar dersom utdanningsinstitusjonen i utlandet krev skolepengar. Det ville løyst mykje, seier ho.

FUSK ELLER SLURV? NSO-leder Oline Sæther sier det kan være vanskelig å sette seg inn i regler for fusk - spesielt siden definisjonen varierer.

Oline Sæther er leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO). Ho seier det er studentane og ikkje regjeringa som skal styre kva land studentar har høve til å studere i.

Foto: Skjalg Bøhmer Vold

NSO er kritiske til at regjeringa har innført betre støtteordningar for studentar som reiser til spesifikke land.

– Det er studentane og ikkje regjeringa som skal styre kva land vi har høve til å studere i, seier leiaren i organisasjonen.

ANSA: – Økonomien er av stor bekymring

ANSA er samskipnaden for norske utanlandsstudentar. Tilbakemeldingane dei får frå medlemmene er at det er vanskeleg å få ting til å gå rundt økonomisk.

– Nokon ser seg nøydd til å bruke opp sparepengane. Andre må låne pengar frå foreldra sine for å få det til å gå rundt, seier president Anna Handal Hellesnes.

Anna Handal Hellesnes, president i ANSA.

President i ANSA (Association of Norwegian Students Abroad), Anna Handal Hellesnes.

Foto: ANSA

Ho trekker fram at medlemmene synest det er utfordrande å fokusere på studium når økonomien blir ei såpass stor bekymring.

Bekymringa gjeld også gjeldsbyrda etter enda utdanning.

– Norske utanlandsstudentar har nå i snitt over 700.000 kroner i gjeld etter enda utdanning og sit dermed igjen med ei stor økonomisk byrde etter studiane, seier Hellesnes.

Ikkje råd til meir mat

Student Norstad fortel at ho heng etter på rekningar og at ho håpar maten i skapet held til ho er ferdig som student.

Ho seier ho ikkje har råd til å kjøpe meir og har ingen betre alternativ enn å mase om pengar heimanfrå.

– Familien har heller ikkje uavgrensa med midlar, og det kjennest urettferdig å måtte mase. Dei strekker seg langt for at eg skal kunne følge draumen i utlandet, seier ho.

Ingunn Norstad

Norstad seier ho slit økonomisk på Island. Ekstra støtte ville hjelpt mykje, seier ho.

Foto: Privat

Ho meiner studiestøtta må aukast.

– Vi studerer alt mellom himmel og jord for å kunne komme tilbake smartare og bidra til samfunnet. Men for å komme dit er vi nøydde til å botnskrape sparekontoen og ete smular frå golvet. Korleis i all verda skal det motivere folk til å studere, spør Norstad.

Ho har betalt omtrent 56.000 kroner for hesteutstyr og pensum. I tillegg må ho betale minst 122.000 kroner for to stallplassar til dei to hestane det krevst at ho har.

– Ein god hest kostar rundt 150.000 kroner. Eg har vore heldig og har fått låne hestar, seier ho.

Og det hjelper heller ikkje at krona vår er svak. Dette gjer det dyrare å studere i utlandet.

Kunnskapsdepartementet: – Gunstige ordningar

Ivar Prestbakmo (Sp) er statssekretær i Kunnskapsdepartementet. Han seier det er uaktuelt å gi andre land den støtta som er gitt til Panorama-landa.

Dette er eit tiltak for å motivere fleire norske studentar til å ta delar av utdanning sin i akkurat desse landa. Landa som er valde, står for ein høg og viktig del av den samla kunnskapsproduksjonen i verda, seier han.

Nøkkeloverlevering

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Ivar Prestbakmo (Sp). Å gi andre land den støtta som er gitt til Panorama-landa, seier han ikkje blir noko av.

Foto: William Jobling / NRK

Prestbakmo seier Noreg skil seg positivt ut samanlikna med mange andre land når det gjeld støtte for utanlandsstudentar.

– Det er veldig gunstige ordningar for dei som vil studere i utlandet. Studentar får støtte nettopp for å mogleggjere utdanning i utlandet.

Har du forslag til kva regjeringa kan gjere for at studentar skal ha det greitt økonomisk i utlandet? Bruk kommentarfeltet under:

Hei, du!

Har du noen tanker du sitter inne med etter å ha lest denne saken?

Eller kanskje du har tips til noe annet jeg kan skrive om?

Ta gjerne kontakt! 👇