Hopp til innhold

Nok ein straumpristopp – denne familien har skrudd av alt dei kan

Straumprisen nådde nok ein topp tysdag kveld. Familien til Benjamin har stramma beltet dei siste dagane.

Benjamin Rasmussen Andersen

Benjamin Rasmussen Andersen og familien finn måtar å spare på straumen. Lysa på juletreet er av, men noko lys måtte på for å få teke biletet.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Benjamin Rasmussen Andersen og familien finn måtar å spare på straumen. Lysa på juletreet er av, men noko lys måtte på for å få teke biletet.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Toppen vert stadig høgre.

Straumprisen nådde tysdag ettermiddag høgre enn nokon gong i år i Sør- og Vest-Noreg.

På det meste, mellom klokka 17 og 18, kosta ein kilowattime 8,22 kroner med nettleige og avgifter.

Til samanlikning var prisen på ein kilowattime kring 1,14 kroner i snitt i 2019 – altso sju gongar mindre enn dagens høgste pris.

Den høge prisen gjer at Benjamin Rasmussen Andersen sit i mørket og har heimeskule. Og ja, ikkje har dusja på nokre dagar.

Sparar der dei kan

I stort sett heile huset til familien Rasmussen Andersen i Karmøy er det mørkt. Varmen er skrudd ned og temperaturen på varmtvasstanken er senka.

– Det er fordi vi skal spare straum, seier Benjamin.

Det var han som sørga for å sløkkje lyset i huset tysdag ettermiddag.

– Fordi mamma synte meg kor høg prisen var i dag, seier han.

Benjamin Rasmussen Andersen

Benjamin skriv ei oppgåve om jul i KRLE. PC-en må vere på, men elles i stova er det mørkt.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Mor Jeanette Rasmussen Andersen er misnøgd med dei stadige pristoppane på straum, og tok det eit steg lenger enn vanleg sparing.

– I dag tok vi rett og slett og markerte det litt. Ikkje at eg trur nokon vil merke det, men eg tenkte at nok er nok.

Familien er ikkje blant dei som er mest utsett økonomisk og er soleis ikkje blant dei som er hardast råka av høge straumprisar. Jeanette vil likevel prøve å bli betre på å spare straum.

– I går vart det takeaway-middag, rett og slett, og i dag vert det middag hjå svigers, seier ho.

Jeanette Rasmussen Andersen

Jeanette Rasmussen Andersen fyrar i omnen for å redusere sitt eige forbruk av straum til oppvarming – nett det vi normenn brukar mest energi på.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Jeanette Rasmussen Andersen fyrar i omnen for å redusere sitt eige forbruk av straum til oppvarming – nett det vi normenn brukar mest energi på.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Det å ha på lysa på juletreet eller lage mat på omnen gjer, i det store og heile, ikkje noko stort utslag på straumrekninga.

Men sparinga har noko føre seg likevel, meiner familien Rasmussen Andersen.

– Det er litt på trass, rett og slett, seier Jeanette og ler litt.

Men det å skru ned temperaturen i huset eller bruke mindre varmvatn er tiltak som reduserer det vi nordmenn utan tvil brukar mest straum på – oppvarming av heim og vatn.

– Vi kan ikkje dusje når det er so dyrt, so vi dusja i forigårs, seier Benjamin.

Mørk lysestake i vindauget

Lysestaken i vindauget er slått av. Eigentleg meir for å markere misnøye enn for å spare pengar.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Meir bevisst på forbruket

Familien Rasmussen Andersen var ikkje tidlegare noko oppteken av kor mykje straum dei brukte.

Etter å ha sett diskusjonar på facebookgrupper av kor mykje andre har greidd å redusere sitt forbruk vart Jeanett litt imponert.

– Eg ser jo at vi har eit kjempehøgt forbruk i forhold til kva mange andre har, seier ho.

– So de er blitt meir bevisste på straumbruken no?

– Ja absolutt. Vi er meir obs på kva som faktisk brukar straum.