– Denne saka handlar eigentleg om kva som skal avgjerast politisk og kva som skal avgjerast juridisk, seier ordførar i Sandnes, Stanley Wirak (Ap), til NRK etter halv tid i Gulating lagmannsrett i dag.
Han og resten av formannskapet i Sandnes vil nemleg ikkje ha stripping i byen sin. Derfor nekta dei strippeklubben «Money Talks» skjenkeløyve for litt meir enn to år sidan.
– Me meiner at det ikkje ligg ei alkoholpolitisk vurdering bak dette, men at det er ei moralsk grunngjeving for kva ein liker eller ikkje liker. Slik me ser det ligg dette utanfor alkoholloven, seier strippeklubben sin forsvarar John Christian Elden.
Men alkohollovens paragraf 1-7a opnar for eit visst politisk skjønn, og det er nettopp dette som har vore tema i retten i dag. Har Sandnes gått for langt i sitt politiske skjønn, eller ikkje?
Alkoholloven sin paragraf om politisk skjønn:
– Me er ikkje pripne
Wirak er viss på at lova opnar opp for den type totalvurdering som dei har gjort.
– Me er ikkje pripne. Men me vil berre ikkje ha denne type verksemd, og me meiner at det er opp til vårt frie politiske skjønn å gjera desse vurderingane, og det har me gjort.
Elden meiner at kommunen berre skal vurdera kor vidt ein stad skal få skjenka eller ikkje, uavhengig av kva ein tenker om stripping eller dansing.
– Så ein skal ikkje ta omsyn til moral og etikk i slike saker?
– Det høyrer ikkje til i ei alkoholpolitisk vurdering. Dessutan er dette eit tilbod som stortinget har sagt skal vera lovleg i Norge.
«Money Talks» fekk først skjenkeløyve, men nå har Sandnes teke inn stripping i reglane sine for skjenking. Elden meiner at denne regelen neppe vil stå seg, dersom avgjersla for «Money Talks» blir stempla ugyldig av retten.
Sjølv om det er sett av to dagar til rettssaka, blir den ferdig i dag. Det er uvisst kor lang tid det vil ta før Gulating lagmannsrett har teke standpunkt i saka.
SJÅ TV-SAK: John Christian Elden representerer Money Talks og selskapet VIP Sure Service AS.