Hopp til innhold

Valde bort orgelet i mora si gravferd

Stadig fleire pårørande vil spela popmusikk i gravferder. Biskopen i Stavanger er ikkje begeistra og har sendt brev til prestane der han skriv at «musikken er best når den er levande og nær».

Cathrine Nising Nedrum Lanne

Cathrine Nising Nedrum Lanne ønska mykje musikk i mora si gravferd, men valde vekk salmar.

Foto: Anett Johansen Espeland

Da mora til Cathrine Nising Nedrum Lanne døydde av kreft, berre 47 år gammal, ville familien ha mykje musikk, både på cd og framført live.

Men orgel og tradisjonell kyrkjemusikk var det nesten ikkje noko av i gravferdsseremonien.

– Me valde å ha musikk me visste mamma likte. Me valde vekk salmar, og brukte heller songar som var meir personlege og viktige for mor, seier Cathrine.

Fekk lov til å velja vekk salmane

Presten i gravferda var Arvid Steinum. Ein prest biskopen i Stavanger har oppretta tilsynssak mot fordi han held gravferdsseremoniar i kyrkja utan av bruka liturgien til Den norske kyrkja.

– Me veit at det er vanleg å begynna og slutta med salmar i kyrkjelege gravferder. Men me fekk lov av presten til å velja vekk salmane, og gjorde det, forklarer Cathrine.

Og Cathrine og familien er ikkje åleine om å nytta populærmusikk i gravferder. Fleire gravferdsbyrå NRK har snakka med slår fast at ønsket om popmusikk, gjerne på cd eller lydfil, er blitt ein trend.

Arvid Steinum

Prest Arvid Steinum.

Foto: Cecilie Berntsen Jåsund / NRK

Då blir gjerne ein personleg song lagd inn i minnedelen av seremonien. Det er ikkje orgelmusikken som er det saliggjerande, ifølge prest Steinum.

– Den rette avskjeden er den familien ønsker å gi som eit minne til seg sjølv og til dei andre som kjem, seier han.

Biskopen kritisk til platemusikken

Biskop i Stavanger bispedømme, Erling Pettersen, er av ei anna oppfatning. Han har sendt ut brev til prestane i bispedømme der han skriv at «musikken er best når den er levande og nær». Han viser også til tidlegare utsegner frå biskopane i Nidaros og Nord-Hålogaland.

Biskop Erling Pettersen

Biskop Erling Pettersen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Dette er noko meir enn personlege preferansar, det er snakk om ei kulturell arv. Og det er noko med at den levande musikken rører oss til det inste, forklarer han og legg til:

– På same måten som eg trur at det ikkje er noko særleg ønskeleg for folk å få presten på tape, så trur eg heller ikkje innspelt musikk kan erstatta den levande musikken, seier han.

Påstanden får prest Steinum til å reagera.

– Å seia at livemusikk er best for sørgande finst det ikkje noko belegg for. Det er rett og slett tull. Det som familien ønsker, er det beste i sorga, seier han.

Organistane har ansvaret

I Den norske kyrkja er det organistane som har ansvaret for å førehandsgodkjenna all musikk. Tillitsvald for kantorane i Stavanger, Anne Jordheim, seier ho prøver å møta dei pårørande sine ønske, men presiserer at gravferda faktisk er ei offentleg handling.

– Slik at når ein er i kyrkja i gravferder, handlar det for mange menneske ikkje berre om akkurat den som er død, men også om dei store eksistensielle spørsmåla.

– Kyrkja har ansvaret for dette og me er ikkje ein del av underhaldningsindustrien. Det som skjer i kyrkja er eit møte med det heilage, seier biskopen.

Kyrkja sine utfordringar med musikk i gravferder blir også tema på eit møte mellom gravferdsbyrå og kyrkjetilsette i Oslo denne veka.