Trur homostriden vil få fleire til å stemma

Spørsmålet om homofile skal få gifta seg i kyrkja kan føra til auka oppslutning om årets kyrkjeval. Sjølv om frontane ikkje stiller eigne lister i Stavanger bispedømme, mobiliserer dei på begge sider.

Spørsmålet om homofile skal få gifte seg i kirken - kan føre til økt oppslutning om årets kirkevalg. Ja, selv om fløyene ikke stiller egne lister i Stavanger bispedømme - mobiliserer de nå til kamp på begge sider.

SJÅ REPORTASJEN: Likekjønna ekteskap i kyrkja eller ikkje? Det spørsmålet engasjerer i Stavanger. (illustrasjonsfoto)

For fire år sidan stemte berre 13 prosent ved kyrkjevalet. Før årets val har debatten om likekjønna ekteskap verkeleg blussa opp, og fleire trur at dei steile frontane vil gjera at fleire nyttar stemmeretten sin ved årets kyrkjeval.

– Det er på tide

Gyrid Espeland

SEIER JA: Gyrid Espeland, kandidat i bispedømmevalet.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Viss eg skal elska min homofile ven, må eg også tillata at min homofile ven kan etablera eit familieliv og eit liv i ordna forhold med kyrkja si velsigning, seier Gyrid Espeland, som frontar organisasjonen Open folkekyrkje. Dei vil endra kyrkja sitt standpunkt i saka.

Open kyrkjegruppe stiller eigne lister i dei fleste bispedømma, men i Stavanger har forkjemparane for homofile vigslar valt å stå på same liste som dei andre kandidatane.

– Folk seier at «i år skal me i alle fall stemma!». Det er me glade for. Eg trur det engasjerer når det er saker med er tydeleg usamde om, seier Espeland.

– Galt å opna kyrkja

Marie Klakegg Grastveit

SEIER NEI: Marie Klakegg Grastveit, kandidat i bispedømmevalet.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Bibelen er tydeleg på at ekteskapet er mellom ein mann og ei dame. Då blir det gale at kyrkja skal opna for at dei skal få gifta seg der, seier Marie Klakegg Grastveit (30), som representerer organisasjonen Levande folkekyrkje.

30-åringen står på same valliste som homofiliforkjemparane, men håpar at folk stemmer på kandidatar med eit konservativt syn i saka.

– Eg trur at her i Rogaland er det mange som er samde med meg, som er på min alder. Eg føler meg ikkje veldig spesiell av den grunn, seier ho.

– Korleis kjem du til å reagera dersom det blir ja til at homofile kan gifta seg i kyrkja?

– Det er eg litt usikker på, eg har ikkje tenkt så nøye på konsekvensane blir, men det blir vanskeleg for meg å delta i den type bryllaup og den slike ting, seier Klakegg Grastveit.