Hopp til innhold

Rettsak om bispebustad i Stavanger

Legatet, som for 50 år sidan skaffa biskopen i Stavanger sin eigen bustad, krev nå å få eigedommen tilbake.

eksteriørt av hage og bygning. Interiørt av rettsaka i Stavanger tinghus.

Den store eigedommen på Eiganes, sentralt plassert på Stavanger sin beste vestkant, har i dag ein salsverdi på mellom 30 og 40 millionar kroner.

Då buplikta for prestar og biskopar fall bort i fjor, fekk biskopen i Stavanger ein kraftig skatteauke på grunn av eigedommen sin høge verdi.

Bispeboligen på Eiganes i Stavanger

Bispebustaden på Eiganes i Stavanger.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Biskop Erling Pettersen flytta då ut av bispebustaden og inn i ein leilighet.

Men sidan bispebustaden nå står tom, krev legatet å få den vederlagsfritt tilbake, slik det står i avtalen mellom legatet og Opplysningsvesenets Fond (OVF) frå 1966.

Den norske kyrkja sitt eigedomselskap, OVF, vil selje den. Derfor byrja rettsaka mellom dei to partane i Stavanger tingrett i dag, måndag.

Jussen

Ingen stiller spørsmålsteikn ved teksten i avtalen. Men det kom ein lov i 1980, Løysingslova, som hadde som mål å rydde opp i spesielle avtalar som hadde med fast eigedom å gjera.

Se også: Biskopkrav kan få konsekvenser

Denne lova slo fast at ulike særrettar knytt til fast eigedom kunne bli ståande i ein generasjon, men at dei deretter skulle falle vekk.

Advokat og eiendomsdirektør i Opplysningsvesenets Fond

Olav Andreas Røssaak, advokat for OVF, og eiendomsdirektør i OVF, Anne Stine Eger Mollestad.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Så advokaten til OVF, Olav Andreas Røssaak, er rimeleg sikker på at han har best sjanse til å vinna denne saka.

– Me vil tru at fondet har ei god sak, Me støttar oss på ei lov som eit einstemmig Storting har vedtatt etter ein grundig prosess, seier han.

Legatet

Det var Kaptein Reinert Tørresen og Hustru Jorines legat, som i 1966 overførte eigedommen i Eiganesveien 113, til bruk for biskopen i Stavanger.

Advokaten til legatet, Ellen Cecilie Mostad, vedgår at dette ligg 50 år tilbake i tid. Men ho er ikkje samd med synet til Opplysningsvesenet sitt fond,

Styreleiar og advokat for Kaptein Reinert Tørresen og Hustru Jorines legat.

Styreleiar Tor Haver og advokat Ellen Cecilie Mostad for Kaptein Reinert Tørresen og Hustru Jorines legat.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Legatet er ei stifting frå 1940, som ennå eksisterer og deler ut pengar til gode formål.
– Derfor er vårt standpunkt at Oppløysingslova ikkje passar for slike lange avtalar som dette legatet har inngått, sa Mostad i retten i dag.

Eit lite ekstrapoeng

I avtalen frå 1966, tar legatet på seg eit ekstra ansvar. Dersom det blir bygd ein ny bustad til biskopen, så skal legatet støtta den nye eigedommen med 200 000 kroner.

Dette må legatet betala, hevdar OVF. Og då meiner dei 200 000 1966-kroner etter dagens verdi. Det utgjer i tilfelle 1.9 millionar kroner.

Ellen Cecilie Mostad, advokat for Kaptein Reinert Tørresen og Hustru Jorines legat, meiner det er utelukka.

Det er sett av ein og ein halv dag til rettsaka