– Me har lova veljarane våre at me ikkje skal auke eigedomsskatten, og då det forslaget kom, så kunne ikkje me akseptera det, seier Grant G. Hinderaker, konstituert gruppeleiar i Frp.
Rådmannen i kommunen har føreslått å auke eigedomsskatten med 41,5 millionar.
– Det er heilt uaktuelt for oss å vera med på, seier Hinderaker.
Frp har fleirtal saman med Høgre og KrF. Sidan dei ikkje har greidd å bli einige om budsjettet, vil det no bli lagt fram to ulike budsjettforslag frå dei tre partia, skriv Haugesunds Avis.
– Alltid ein fare for å hamne ute i kulda
Frp har sete i posisjon saman med Høgre og KrF i tre år, om dei no vil ende opp som eit opposisjonsparti meiner han er for tidleg å svare på.
– Det me har sagt er at fram til måndag når dette blir lagt fram, så kjem ikkje me til å tenke noko anna enn at me har eit samarbeid vidare, men at me ikkje er einige om budsjettet, seier Hinderaker.
Han håpar at dei andre to partia beveger seg i deira retning.
– Det kan godt vera at Høgre og KrF legge fram ein reduksjon i eigedomsskatt, samanlikna med forslaget til rådmannen, for å få oss til å røysta på deira forslag.
Og han legg til.
– Det er alltid ein fare for at me kan hamne ute i kulda. Men eg trur dei er interesserte i å ha oss med vidare, seier Hinderaker.
– Men viss det blir fleirtal for å auke eigedomsskatt, kan de framleis sitte i posisjon då?
– Det må me vurdera nå saka kjem.
Beklagar overfor veljarane
– Det er synd at me ikkje greier å legge fram eit felles budsjett, seier gruppeleiar i Høgre i Karmøy, Ole Henrik Nesheim.
Høgre har også i utgangspunktet vore imot å auke eigedomsskatten, men ser det som heilt naudsynt.
Ole Henrik Nesheim, gruppeleiar i Høgre i Karmøy.
Foto: Magnus Berning / NRK– Det er tungt for oss å skrive ut auka eigedomsskatt til våre innbyggjarar. Samtidig så er det nok slik at me, i motsetning til Frp, vurdere heilskapen i vårt program, og kva me klarer å levere til våre innbyggjarar av det som me har lova, seier Nesheim.
Auken i eigedomsskatten er naudsynt for å kunne styrke helse- og omsorgssektoren, seier Nesheim.
– Me gjekk til val på helse og omsorg. Og me blir stadig fleire eldre. Me har økt og vil halde fram med å auke satsninga på omsorg. Me hadde håpa å klare det utan å auke eigedomsskatten, men det går ikkje. Og det må me jo berre beklaga, avsluttar Nesheim.