Onsdag ettermiddag blei det klart at lærarstreiken blir trappa opp komande tysdag, dersom ikkje Utdanningsforbundet og KS blir samde om ei løysing. 851 nye lærarar blir då tekne ut i streik, og 31 nye skular blir råka av streiken.
I Sandnes, som er ein av dei hardast ramma kommunane i det nye uttaket, er det Høle barne- og ungdomsskole, Sandved skole, Ganddal skole, Iglemyr skole og Bogafjell skole, som vil inngå i streiken med 65 lærarar.
- Sjå full oversikt nedst i artikkelen.
– Nødvendig opptrapping
– På skulane me nå tar ut vil mellomtrinnet, og ungdomstrinnet på Høle, leggja ned så godt som all undervising, seier Hans Fredrik Hansen som er leiar i Utdanningsforbundet i Sandnes.
Han meiner ei opptrapping der barneskular blir råka er nødvendig.
– Me har vurdert dette ganske grundig, og det ser framleis ut som om KS ikkje ser alvoret i dette. Lærarar er frustrerte, men KS viser ikkje tillit, derfor må me styrka uttaket vårt.
Håper å unngå opptrapping
Opptrappinga vil også føra til at Randaberg vidaregåande skule får 53 lærarar i streik.
Opptrappinga skjer først tysdag 2. september, og Hansen håper det kjem ei løysing før den tid.
– Me har ikkje varsla uttak før til tysdag, dette er ein moglegheit som me håper KS grip, slik me kan koma fram til ei løysing som vil vera til det beste for den norske skulen, seier han.
– Sett dykk ned
Ordførar i Sandnes, Stanley Wirak (Ap), opplever nyheita om opptrapping som svært alvorleg for kommunen. Nå har han ei klar melding til partane i streiken.
– Det er veldig synd at partane ikkje finn ei løysing. Det byrjar å gå svært hardt utover elevane, så mitt råd er at dei nå må setja seg ned, og ikkje gå frå bordet før dei har blitt samde om noko. Eg tar ikkje parti i saka, men det er ei tid for alt og nå er det tid for å finna løysingar, seier Stanley Wirak.
Han vil ikkje sei kva han tenker om forhandlingsviljen til KS, som forhandlar på vegner av kommunane. Han legg likevel til:
– Når ein streik held på så lenge må ein ta nokre grep. Eg håper at alle verdsett den viktige jobben lærarane gjer for skulen. Skulen er berebjelken i samfunnet, og lærarane sine arbeidsvilkår må vera i fokus når ein kjem opp med gode løysingar, seier han.