Hopp til innhold

– Me har ei løn som ikkje er til å leva av

190 vaskeritilsette er i dag tekne ut i streik. – Streikeviljen er stor, seier tillitsvald ved Nor Tekstil i Stavanger, Jane Idland.

Vaskerinæringa streiker

Streiken er i full gang utanfor Nortekstil på Forus i Stavanger. 23 tilsette er tekne ut i streik ved denne bedrifta.

Foto: Rolf Marnburg / NRK

Etter å ha mekla fleire timar på overtid blei det brot mellom LO-forbundet Norsk Industri og arbeidsgjevarsida fredag morgon. Dermed gjekk 190 vaskeritilsette ut i streik i dag tidleg.

Det første streikeuttaket famnar i hovudsak tilsette i vaskeri og reinseri i Stavanger, Sandnes, Bergen og Trondheim. Dette er vaskeri som jobbar for hotell- og offshoreindustrien.

Ville ha varig lønsløft

Jarle Vines

Jarle Vines er forbundssekretær i Industri Energi.

Foto: Eirin Larsen / NRK

Årsaka til brotet i meklinga var at arbeidsgjevarorganisasjonen Norsk Industri ikkje ville imøtekomma kravet om eit varig lønsløft for tilsette ved landets vaskeri- og reinseribedrifter, opplyser Industri Energi.

I dag tener dei tilsette i vaskeri- og reinseribedriftene, hovudsakleg kvinner, 86 prosent av gjennomsnittleg industriløn.

– Me har ei løn som ikkje er til å leva av dersom ein er einsleg, seier tillitsvald ved Nor Tekstil i Stavanger, Jane Idland.

Ho er ei av 23 tilsette som er ute i streik ved bedrifta som har om lag 90 tilsette.

Nor Tekstil i Stavanger vaskar mellom anna laken, dynetrekk og pasientklede for Stavanger universitetssjukehus. I tillegg er det hotellnæringa, offshoreindustrien og sjukeheimar som er på kundelista.

– Me vil ha løna me meiner me fortener, og det er meir enn 86 prosent av ei vanleg industriløn, seier ho.

Forbundssekretær i Industri Energi, Jarle Vines, seier at lønsskilnaden er ekstra belastande i Stavanger-området.

– Dette er dei lågast løna me har i dette området, og dei er alle på den same bustadmarknaden som oljearbeidarar, som tener mykje meir, seier han.

Usemje om dispensasjonar

Streikeuttaket omfattar også vaskeri som tar oppdrag for sjukehus og andre helseinstitusjonar, men Industri Energi understrekar at det er eit avgrensa streikeuttak i slike bedrifter.

– Det er tilstrekkeleg kapasitet på vaskeri som handsamar sjukehus og helseinstitusjonar. Me vil vera positivt innstilt til å innvilga dispensasjonar til vaskeri som leverer til helseinstitusjonar, seier forbundsleiar Leif Sande.

Men Sande meiner at arbeidsgjevarorganisasjonen held tilbake dispensasjonssøknader frå vaskeri som leverer til sjukehusa, for å framtvinga tvungen lønsnemnd.

Administrerande direktør i Norsk Industri slår tilbake.

– Me vil behandla alle søknadane som kjem fortløpande, men er me i konflikt så er me i konflikt. Eide må ta innover seg at ein streik rammar ein tredjepart, og utgangspunktet vårt er at me er skeptiske til dispensasjon, seier Steinar Lier-Hansen.

Ifølgje divisjonsdirektør for intern service ved Universitetet i Stavanger, Emma Husabø Manin, skal sjukehuset ha blitt forsikra at dei er prioriterte av vaskeria dei bruker. Dette er Berendsen Tekstilservice i tillegg til Nor Tekstil.

– Me har hatt kontakt med bedriftene då me forstod at det kunne bli streik. Begge bedriftene har forsikra oss at me blir prioritert, seier ho.

Sjukehusa er heilt avhengige av leveransar av god kvalitet for å sikra pasientane sin tryggleik.

Streik ved NorTekstil

I dag tener dei tilsette i vaskeri- og reinseribedriftene, hovudsakleg kvinner, 86 prosent av gjennomsnittleg industriløn.

Foto: Rolf Marnburg / NRK

Oversikt over bedriftene som takast ut i streik frå fredag morgon 5 september 2014:

  • Agder Sentralvaskeri A/S, Industriveien 9, 4900 Tvedestrand
  • Berendsen Tekstil Service, avd. Trondheim, Tungavn 28 7047 Trondheim
  • Berendsen Tekstil Service AS, avd. Bergen, Lønningshaugen 5, 5258 Blomsterdalen
  • Berendsen Tekstil Service AS, avd. Sandnes, Postboks 90, 4302 Sandnes
  • Hygienisk Vask og Rens AS, Leirvikåsen 49 B, 5179 Godvik
  • Nor Tekstil AS, avd. Bergen, Hylkjeflaten 18, 5109 Hylkje
  • Nor Tekstil AS, avd. Fonnes, 5953 Fonnes
  • Nor Tekstil AS, avd. Rogaland, Postboks 276, 4066 Stavanger
  • Nor Tekstil AS, avd. Rognes, 7295 Rognes
  • Nor Tekstil AS, avd. Valen, Sjukehusvegen 31, 5451 Valen
  • Nor Tekstil AS, avd. Voss, Bjørgåsvegen 4, 5707 Evanger
  • Reinseriet Sandnes, avd. Bergen, Postboks 446, 4304 Sandnes
  • Storvask AS avdeling Trondheim, Leirfossvn 45, 7038 Trondheim
  • Trondheim Vask og Renseri AS, Jarleveien 4, 7041 Trondheim
  • Kvikk Vask & Rens AS, Postboks 500, 8601 Mo i Rana