Hopp til innhold

Alex fekk kjeft for å aldri engasjera seg – nå står han bak demonstrasjon mot høge straumprisar

Alex Hole har aldri stemt eller engasjert seg politisk. Etter å ha fått kjeft av tanta på ein sundagsmiddag, er han nå med på å arrangera ein landsomfattande demonstrasjon.

Alexander Hole, "Vi som krever billigere strøm"

Alex Hole håper at demonstrasjonane i dag vil skapa dialog, og føra til endring i politikken. Slik at straumprisane til blir lågare for forbrukarane.

Foto: Anders Haualand / NRK

Torsdag samla folk seg i 12 byar over heile landet for å demonstrera mot straumprisane som den siste tida har skote til vêrs.

Frå Kristiansand i sør til Harstad i nord var det protest.

– Det er alltid dei fattige som må lida. Det er eg forbanna på, derfor gjer eg dette, seier Alex Hole.

Han har gått frå å slenga drit på Facebook, til å nå stå bak demonstrasjonen i Stavanger.

Demonstranter samlet seg utenfor Stortinget i protest mot høye strømpriser.

Det var 20. januar demonstrasjon mot høge straumprisar framføre Stortinget.

Demonstranter samlet seg utenfor Stortinget i protest mot høye strømpriser.

Det var 20. januar demonstrasjon mot høge straumprisar framføre Stortinget.

Demonstranter samlet seg utenfor Stortinget i protest mot høye strømpriser.

Det var 20. januar demonstrasjon mot høge straumprisar framføre Stortinget.

Foto: Trond Lydersen / NRK
Demonstrasjon Stortinget
Demonstrasjon Stortinget
Demonstrasjon Stortinget
Foto: Chetan Rastogi / NRK

Det var dei høge straumprisane og eit solid spark bak frå tanta på ein sundagsmiddag som måtte til for å få han ut av godstolen.

Starta på Facebook

– Ho klaga på at eg berre slengde drit, og aldri engasjerte meg skikkeleg. Nå skal eg motbevisa at eg berre sit bak tastaturet på Facebook. Nå skal eg ut å faktisk gjera noko, seier han.

Olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap) får krav om å ta tilbake politisk kontroll over strømprisene fra demonstranter i Oslo.

Olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap) får krav om lågare straumprisar frå leiaren av Industriaksjonen Remy Penev.

Foto: Trond Lydersen / NRK

Derfor har han dei siste dagane jobba både natt og dag med å få demonstrasjonen opp på føtene, og han er ikkje åleine. Det blir arrangert tilsvarande demonstrasjonar over heile landet.

– Me demonstrerer for dei som har minst. Me vil ha meir likskap, og det var jo det me trudde me skulle få med den nye regjeringa, seier Hole.

Bak demonstrasjonane står Facebookgruppa «Vi som krev billigare straum». Ei gruppe med meir enn ein halv million medlemmar.

Industriaksjonen sitt skriv

Dette kravet leverte Industriaksjonen i Oslo til olje- og energiministeren.

Det er venta at fleire tusen personar vil gå i demonstrasjonstoga.

– Prisane er vortne heilt sjuke

På Torgallmenningen i Bergen var fleire hundre personar samla til demonstrasjonstog og appellar.

Blant dei frammøtte var Karna Danielsen og Eva Olsvoll. Det er første gong for dei begge i demonstrasjonstog.

Eg har aldri gått i tog før, men no er det nok, seier Danielsen.

Karna Danielsen og Eva Olsvoll

Karna Danielsen og Eva Olsvoll er med i eit demonstrasjonstog for første gong nokosinne.

Foto: Tony Ågotnes / NRK

Ho seier at ho hadde 15.400 kroner i straumrekning på hus og hytte førre månad.

Prisane er blitt vortne heilt sjuke. Ein har ikkje råd til særleg meir på éi løning, seier Danielsen.

Demonstrasjon Kristiansand

KRISTIANSAND: På Torvet i Kristiansand møtte flere hundre opp for å demonstrere mot strømprisene.

Demonstranter i Kristiansand

KRISTIANSAND: På Torvet i Kristiansand møtte mange opp for å demonstrere mot strømprisene.

Demonstranter i Kristiansand

KRISTIANSAND: På Torvet i Kristiansand møtte mange opp for å demonstrere mot strømprisene.

Demonstrasjon Kristiansand

KRISTIANSAND: På Torvet i Kristiansand møtte mange opp for å demonstrere mot strømprisene.

Foto: Victoria Marie Nordahl / NRK
Frank Salvesen

DEMONSTRERER: – Staten gir ingenting, de berre avstår frå å ta meir. Det er pengar vi allereie har betalt inn, seier Frank Salvesen om statens støtteordningar.

Foto: Victoria Marie Nordahl / NRK

Åse Stokkenes og Marianne Engen køyrde heile vegen frå Lindesnes for å vere med på demonstrasjonen på Torvet i Kristiansand.

– Det skal ikkje vere sånn at vi står med lua i handa og ber om almisse. Vi skal ha føreseielegheit og priser som folk kan klare å betale med vanlege lønningar, seier Åse Stokkenes.

Demonstrasjon Kristiansand

ENGASJERT: Marianne Engen og Åse Stokkenes køyrde frå Lindesnes for å vere med på demonstrasjonen.

Foto: Victoria Marie Nordahl / NRK

Ho har køyrt hele vegen frå Lindesnes saman med Marianne Engen, for å vere med på demonstrasjonen i Kristiansand.

– Det kjem til å gå ut over hele samfunnet til slutt, når folk ikkje klarer å betale for seg, seier Engen.

Demonstrasjon Arendal

ARENDAL: Demonstrasjonen fant sted på Sam Eydes plass i Arendal sentrum.

Demonstrasjon Arendal

ARENDAL: Demonstrasjonen fant sted på Sam Eydes plass i Arendal sentrum.

Demonstrasjon Arendal

ARENDAL: Demonstrasjonen fant sted på Sam Eydes plass i Arendal sentrum.

Foto: Espen Bierud / NRK

Vil ha tak på straumprisane

Engasjementet er stort, men Hole har likevel eit tydeleg ynskje om at dette må bli noko meir enn ein protest mot dei høge straumprisane.

– Me vil få til dialog. Det er alt for mykje dritkasting. Spesielt på internett. Det vil me ikkje ha noko av. Nå vil me fiksa dette, det gjer me ikkje ved å slenga drit.

– Kva er løysinga på straumkrisa då?

– Det skal eg vera forsiktig med å uttala meg bastant om. Men eg vil ha eit tak på straumprisen, og at me kutter kablane til Tyskland. Det er ikkje Noreg si oppgåve å gjera Tyskland grønt, seier han.

Alexander Hole

Alex seier sjølv at han til tider har vore tøff i kjeften bak tastaturet. Nå ønsker han dialog.

Foto: Anders Haualand / NRK

Får støtte

Alex Hole får gode skotsmål frå profilerte politikarar. Stortingsrepresentant Mimir Kristjansson (R) synest det er fantastisk at så mange vanlege folk engasjerer seg i politikk.

– At ein som aldri har leite stemma sin bli høyrt nå blir ei viktig politisk kraft er fantastisk. Eg er glad for alle som engasjerer seg i politikk, seier han.

Kristjansson skal sjølv halde appell under demonstrasjonen. Hans hovudkrav er å få innført ein makspris på straum i Noreg.

Helge Andre Njåstad deltok i demonstrasjon i Bergen

FOLKETOG: Helge André Njåstad (Frp) deltok i demonstrasjonen i Bergen.

Foto: Tony Ågotnes / NRK