Hopp til innhold

Lyse har funne feilen

Lyse har funne feilen som førte til at veldig mange på Nord-Jæren var utan straum måndag kveld.

Straumbrot i Stavanger

BEKMØRKT: Slik ser store delar av Nord-Jæren ut måndag kveld: gatelysa er utan lys:

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Siste 22.10: Lyse har funne og fiksa to feil i ein transformatorstasjon og i ei kabelmast, melder Lyse.

På det meste var 15.000 råka av straumbrotet. I områda rundt Harestad og Tungenes er det framleis folk utan straum måndag kveld 22.30

Funne to feil

Tidlegare var også mange på Rennesøy, Buøy og Hundvåg utan straum, men dei har no fått straumen tilbake.

– Me har funne to feil, ein i ein transformatorstasjon og ein i ei kabelmast, seier Ingvild Ween i Lyse til NRK klokka 22.10.

Fire transformatorstasjonar var ute

Det var rundt 19.30 at straumbrotet skjedde. Det var feil på fire transformatorstasjonar. Dei er på Randaberg, Nordbø (Rennesøy), Dusavika (Tasta) og Buøy.

Dette betyr at deler av Randaberg, Tasta, Rennesøy og Hundvåg var mørklagt måndag kveld. Lyse veit ikkje kor mange som var utan straum.

Straumstans