NRK Meny
Normal

Straumbrot i Sirdal

Delar av Sirdal har vore utan straum laurdag. Det har mellom anna ført til full stopp i skianlegga i Tjørhomfjellet og Ålsheia.

Tjørhomfjellet - skitrekket står

TJØRHOMFJELLET: Alle skiheisane på Tjørhomfjellet og i Ålsheia har i dag stått på grunn av straumbrot. Agder Energi har funne feilen.

Foto: Anne Vestbø Kyllingstad

  • Siste: Tjørhomfjellet har fått straumen tilbake

Klokka 09.30 fekk Agder Energi inn melding om straumbrot i Sirdal. Klokka 12 var 650 kundar utan straum.

Selskapet jobba i fleire timar med å finne ut årsaka til at det blei stopp i straumtilførselen. Først laurdag ettermiddag fant dei svaret.

– Me har nå funne feilen. Det er ein transformator som er øydelagt, og må skiftast ut. Denne er på plass i løpet av kvelden, så då får alle straumen tilbake, seier Hanne Liv Refsnes i Agder Energi.

– Trist for dei som ville kosa seg i bakken

Det er området mellom Tjørhom og Ålsheia som har vore råka, og det har vore full stans i begge alpinanlegga her.

– Me hadde 500 bestillingar i dag, og det var venta om lag 1000 mann til Tjørhom og Ålsheia, så dette var veldig synd, sa dagleg leiar ved Tjørhomfjellet, Anita Buckley til NRK tidlegare i dag.

Klokka 13.10 var straumen tilbake på Tjørhomfjellet, og skiheisen opna. Men framleis er det stengt i Ålsheia.

Tjørhomfjellet

TJØRHOMFJELLET: Her skulle det vore full aktivitet i dag.

Foto: Anita Buckley