NRK Meny
Normal

Eksplosjon i transformator i Egersund

Klokka 11.30 var straumen tilbake igjen, men mange husstander opplevde mørklegging i Egersund rett før klokka 10.30, søndag føremiddag. Årsaka var ein eksplosjon inne i hovudtransformatoren til byen, som står på Slettebø i Egersund.

Transformator på Slettebø i Egersund

Transformatoren på Slettebø i Egersund, der det blei meldt om røykutvikling, søndag føremiddag

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Det har skjedd ein liten eksplosjon i ein spenningstransformator oppe i ei celle i Slettebø transformatorstasjon.

Det stadfestar Terje A Egeland, som er overingeniør i Dalane Energi

Overingeniør Terje A Egeland i Dalane Energi

Overingeniør Terje A Egeland i Dalane Energi.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Hovudsakleg skuldast dette at transformatoren har blitt gammal. Den har tydlegvis fått nok, seier Egeland.

Ingen kommentar

– Er det fare for at dette også kan skje med andre tranformatorar i kommunen?

– Det har eg ingen formeining om, seier Egeland.

Han stadfestar at dette er noko som kan skje, men at det skjer sjeldan. Omlag klokka 11.30 hadde alle hustandane i kommunen fått straumen igjen gjennom ei foreløpig ordning.

– Kan det vera at straumen vil forsvinne igjen i nokre heimar ut over dagen?

– Det er lite truleg, men me kan ikkje sjå heilt vekk frå at det kan koma til å skje, seier Egeland.

Straumbrotet råka mange

Inne i tranformatoren på Slettebø i Egersund

Inne i transformatoren på Slettebø i Egersund

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Rett før klokka elleve var straumen ennå ute i delar av Lagård og i Tengs og Helvik-området. Det stadfestar Harald Mong i Dalane Energi.

Omlag klokka 11.15 var straumen tilbake i Helvik-området, men ennå var det stader i Eigersund kommune som var straumlause. Først rett før klokka 11.30 kom meldinga om at alle hadde fått straumen tilbake.

Eksplosjon i transformator

Reporter Øystein Ellingsen i NRK Rogaland var inne i hovudtransformatoren på Slettebø i Egersund, kort tid etter at straumen forsvann.

– Det luktar svidd her inne, kunne han fortelja då.