Hopp til innhold

– Me er alle trøytte i trynet og ventar tålmodig

Fleire nordmenn i London slit med å koma seg heim til jul på grunn av snøkaos på europeiske flyplassar. Lene Korneliussen slaktar behandlinga dei får frå flyselskapet Norwegian.

Stranda på Gatwick

Det var ikkje slik Lene Korneliussen hadde sett føre seg å feira 39-årsdagen sin saman med dottera si.

Foto: Eva Lima Hetland

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Av dei mange nordmennene som slit med å koma seg heim til jul er Lene Korneliussen, ho har måndags morgon vore stranda på flyplassen Gatwick i London i 24 timar.

– Me er omlag 400 her som ikkje kjem oss heim, det er folk som mellom anna skal til Stavanger, Ålborg og Bergen, seier Korneliussen som har bursdag i dag og heller ville vore i Stavanger å feira dagen enn i London.

I ettermiddag blei det klart at stavangerpassasjerane kjem seg heim med Norwegian klokka 14.40.

(Artikkelen held fram under bilete)

Gatwick kaos

Slik såg det ut på Gatwick i London måndagsmorgon, fleire har vore der i over 24 timar.

Foto: Eva Lima Hetland

– Ingen informasjon

Det er snøvêr i Europa som har skapt unntakstilstandar på flyplassane, og det er på avgangar til London, Paris, Frankfurt, og Berlin problema er størst.

Korneliussen slaktar måten Norwegian har handsama situasjonen på:

– Me får ikkje mat, overnatting eller informasjon verken på tavla, internett eller av personell. Dessutan tar dei ikkje telefonen når me ringer, seier ho.

Ho kan fortelja at flyet ho skulle følgja til Stavanger kom i går, men blei sendt tilbake tomt til Stavanger lufthamn Sola. Flyet til Ålborg og Bergen står på flyplassen seier ho.

Sjå bilete av snøfaste flypassasjerar her!

– Mange rare stillingar

Fem i dag tidleg blei Norwegian-passasjerane som skal til Stavanger frå Gatwick sendt tilbake til innsjekkinga.

– Her er det verken mat eller sitjeplassar. Alle sit på koffertane sine og det blir veldig mange rare liggjestillingar, seier den irriterte jubilanten.

I sin frustrasjon legg ho til at Gatwick er ein stygg flyplass å bli stranda på.

Overletne til seg sjølv

Ei anna som har vore stranda på Gatwick er Idunn Helle frå Stavanger som studerar ved Durham University ved Newcastle.

Ho seier også at informasjonen frå Norwegian har vore ikkje-eksisterande:

– Me er heilt overletne til oss sjølv, nå har flyplasspersonellet frå Gatwick sendt oss til ei ombookingsluke, så må me ordna heimreisa vores sjølv, sa ho måndag morgon.

Førebels har NRK.no ikkje klart å koma i kontakt med Norwegian for kommentar

Oppdatert informasjon om flytrafikken frå NRK.no finn du her.