Hopp til innhold

Ber innbyggarane redusera forventningane til kommunen

Eigersund kommune må ifølgje rådmannen kutta 30 millionar kroner. Men å ta alt på 2017-budsjettet vil vera uforsvarleg, meiner rådmann Gro Anita Trøan.

Eigersund rådhus

RÅDHUSET I EIGERSUND: Kommunen er hardt råka av nedgangstidene i oljeindustrien. Dei har opplevd ei kraftig auke i tal på arbeidsledige, og ifølgje dei siste tala frå NAV var arbeidsløysa 5,2 prosent.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Gro Anita Trøan

Rådmann i Eigersund, Gro Anita Trøan, la i dag fram forslag til budsjett for 2017 og økonomiplan fram til 2020.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

I dag la rådmann i Eigersund, Gro Anita Trøan, fram administrasjonen sitt forslag til budsjett for 2017 og økonomiplan fram til 2020.

Som venta opplever Eigersund kommune ein kraftig nedgang i skattekroner. I neste års budsjett reknar ein med at det kjem inn 16 millionar kroner mindre i skatteinntekter.

Auke i eigendomsskatt

– Me er i ein veldig utfordrande situasjon med tanke på at inntektene ikkje heng saman med utgiftene. Slik det er nå går inntektene ned og utgiftene opp, seier Trøan til NRK.

I presentasjonen hennar går det fram at kommunen må kutta 30 millionar kroner, men dette vil ikkje Trøan ta i eit jafs.

– 30 millionar kroner på eitt år vil ha mykje å seia for tenestetilbodet vårt, og derfor kan me ikkje gjera dette i 2017. Me må planleggja og greia ut, så skal me ha heilårseffekt i 2019, seier ho.

Dei føreslår å auka eigedomsskatten med to promille, frå to til fire. Samstundes blir vass- og avløpsavgifta redusert.

Likevel meiner Trøan at det skal gå an å henta det meste inn gjennom å tenka nytt rundt kommunestrukturen og effektivitet i tilboda. Ho vil derfor få inn eksterne folk til å sjå på korleis kommunen blir drifta, i tillegg til at ho ber om innspel frå folk ute i kommunen.

Målet er at ein gjennom omstilling skal kunne kutta fem millionar i 2017, 15 millionar i 2018 og deretter 30 millionar i 2019. Det vil utanom bli kutt i drifta i 2017 på om om lag seks millionar kroner.

Utsett oppstart av Lagård omsorgssenter

– Me ser at me må gjera ein skikkeleg og grundig jobb. Me må involvera mange, også innbyggarane, for å finna ut kva det er som viktigast å behalda og korleis me kan løysa dette på ein annan måte enn det me gjer i dag.

Derfor var det lite konkret om kutt i budsjettforslaget som i dag blei lagt fram, utanom at oppstarten av Lagård omsorgssenter blir utsett til 2020.

Dette gjer me fordi at dette må vera med i vurderinga av kva tenestetilbod me skal ha i kommunen, seier Trøan.

– Folk må redusera forventningane til kva kommunen kan og skal levera

Ho lar det likevel ikkje vera tvil om at innbyggarane i kommunen vil merka dei tronge økonomiske tidene.

– Folk må redusera forventningane til kva kommunen kan og skal levera, men alle skal vera trygge på at me skal dekka behova som dei har. Derfor må me saman finna ut korleis me dekker dei behova.