NRK Meny
Normal

Strålande vinterferiestart i Rogaland

Vinterferien er i gong i Rogaland, og mange nyttar høvet til å koma seg på hytta i fjellet.

Strålande sol og nysnø møtte dei som reiste til fjells denne veka.

– Det er over all forventning. Det er heilt fantastisk, seier Andreas Vollan.

Han er ein av mange rogalendingar som no nyttar det fine og kalde vinterferievêret til å dra på hytta i Hunnedalen.

– At det er litt kjølig gjer det ekstra flott. Det er skikkeleg vinter. Midt på dagen er det god temperatur, og så er det veldig flott med litt nysnø, seier Vollan.

Også resten av familien er nøgd med at det er vinterferie. På spørsmål om korleis livet hadde vore utan vinterferie svarer barna Anna og Are Blikom Vollan:

– Kjedeleg! Det er ikkje snø heime i Stavanger. Så det var så fint å koma hit og så var det masse snø, og fint vêr.

Andreas Vollan

Andreas Vollan er godt nøgd med forholda i Hunnedalen no i vinterferien.

Foto: Erik Waage / NRK

Halvparten reiser til hytta

– For dei fleste så verkar det som hytta og vinterferie høyrer saman, seier Ingvild Lundberg Bakke, kommunikasjonsrådgjever i Den Norske Turistforeningen.

Undersøkingar dei har gjort viser at over femti prosent av dei som skal på vinterferie skal på hyttetur.

– Eg trur det blir ein stadig viktigare del av den norske folkesjela. Det er fleire som har hytte, og fleire som nyttar seg av dei tilboda som er, seier Lundberg Bakke.

Klar for aking

For familien Blikom Vollan i Hunnedalen handlar i i alle fall det meste om snø og fjell.

Are og Anna har planen klar for veka.

– Me skal stå på slalåm, ake og gå på ski. Og så skal me heim.

Aking

Det er fine akeforhold i Hunnedalen nå.

Foto: Erik Waage / NRK