Hopp til innhold

Strålande skiforhold i vinterferien

Det meste ligg til rette for fine skiturar i vinterferien. Turistforeininga rapporterer om puddersnø i Hunnedalen, og meteorologane melder strålande solskinn.

Hunnedalen

Slik såg det ut i Hunnedalen i går. Det gode vêret i fjellet vil halde seg, seier meteorologen.

Foto: Reidun Skjørestad

– Her er det flotte forhold. 20 cm puddersnø, seier Per Henriksen frå Stavanger turistforeining.

Han og ein kollega er no ved Langavatn turisthytte i Hunnedalen. Dei har jobben med å kviste løypene mellom hyttene.

Langvatn utanfor

Det er mykje snø rundt turisthytta på Langavatn i Hunnedalen.

Foto: Per Henriksen

– Alle turistforeiningshyttene vil vera opne i vinterferien. Så det går fint an å gå frå hytte til hytte, seier Henriksen.

Her kan du sjå kor turistforeininga kvistar løyper.

Dei er is på dei fleste av vatna, men Henriksen ber likevel folk om å vera obs.

– Det er litt overvatn på ein del av vatna. Så ein kan bli våt opp til knea om ein kryssar dei til fots. Elles er det slik at dess høgare ein kjem i fjellet, desse sikrare er isen.

Storevatn

Slik såg det ut på Storevatn i går.

Foto: Per Henriksen

Oppkøyrde løyper

– No er det heilt fantastisk her. Me har nok snø, og alle løypene er oppkøyrde, seier Bjørn Egil Nerheim.

Han har ansvaret for å køyre opp løypene på Gullingen i Suldal.

– Me har mellom 30cm til ein meter snø. Alt etter kor høgt opp du kjem, seier Nerheim.

Og no skin også sola.

– Me har hatt mykje vêr denne vinteren. Men i går skein sola for fyrste gong på lang tid.

Svartedalen

Slik såg det ut i Svartedalen i Suldal i går.

Foto: Bjørn Egil Nerheim

Fine vinterdagar i vente

– Det blir opphaldsvêr til og med tysdag. Så det blir nokre fine vinterdagar, seier vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, Gunnar Livik.

Temperaturane i innlandet vil også halde seg på minussida. Så sjølv om det ikkje blir noko påfyll av snø, så vil den som har kome bli verande, trur meteorologen.

– Det er først til neste helg at me ser at det kan koma vesentlege mengdar med nedbør i i indre strøk, seier Livik.