NRK Meny
Normal

Støtte til flyverkstedet

Skjebnedag for Sola, reporter: André Jamholt. Mange møtte fram laurdag for å støtte kampen mot nedlegging av flyverkstedet på Sola. I dag avgjer styret i STS saka i styremøte i Stockholm.

Folkemøte for flyverkstedet på Sola i Byparken i Stavanger
Foto: Morten Nesvik / NRK

I Byparken i Stavanger heldt fleire av stortingsrepresentantane apellar. Mellom 3- 400 personar deltok.

No i formiddag møter ordførarane i Sola, Stavanger og fylkesordføraren næringsministeren.

- Målsettinga er å få Regjeringa som eigar til å gripe inn og stanse nedlegginga, seier fylkesordførar Roald Bergsaker.

Styret i SAS Technical Services skal i ettermiddag avgjere forslaget om å legge ned  flyverkstedet på Sola. Møtet er i Stockholm.