Hopp til innhold

Støttar miljøvennlege cruiseskip

Stavangerregionen Havn er blant dei norske cruisehamnene som går saman for å redusere miljøpåverkninga frå cruiseskip. Hamnene skal i samarbeid med Det Norske Veritas utarbeide eit verktøy for blant anna å dokumentere utslepp til luft og vatn frå kvart enkelt skip. Dei mest miljøvennlege skipa vil få redusert havneleiga. Hamnedirektør Merete Eik i stavangerregionen hamn, seier det er eit svært positivt prosjekt dei får delta i.