Hopp til innhold

Støtt Syria-demonstrasjon i Stavanger

Folk frå Syria viste avsky for president Assad i heimlandet. I markeringa i Stavanger gav dei han skulda for at mange menneske døyr kvar dag i landet.

Støtt Syria-markering i Stavanger, laurdag 16. januar

Støtt Syria-markering i Stavanger, laurdag 16. januar 2016.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Alle har høyrt om folket i Madaya i Syria, som lir under beleiring av Assad og Hizbolla. Dette er ein solidaritetsmarkering for dei som har det vondt i heimlandet vårt, seier Mohammad Aljarawan, som var initiativtakar til markeringa.

Les også: Mat som maktmiddel

Snakkar til Erna Solberg

Mohammad Aljarawan fortel at han kjenner til at det også har vore liknande markeringar i Oslo, Austerrike, Tyskland og Istanbul i dag.

Mohammad Aljarawan var initiativstakar til støttemarkeringa for Syria i Stavanger den 16. januar

Mohammad Aljarawan var initiativstakar til støttemarkeringa for Syria i Stavanger.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Kvar dag blir over 200 menneske drepne av Assad, seier Aljarawan.

Straumen i Madaya er kutta. Det same er vatnet. Folket der lever av blader og gras.

– Me kan ikkje akseptere det og må fortelja det vidare, seier initiativtakaren.

Les også: Norske Elizabeth i Madaya: – Hjerteskjærende å se de sultne barna

Ber om at Norge reagerer

Han vil at Norge og Norge sin statsminister, Erna Solberg, skal bry seg om dette og arbeide for å få avsett diktatoren Assad.

– Men det viktigaste akkurat nå er å vise vår støtte til dei som bur i byen Madaya, og til dei som bur i mange andre byar i Syria som er i liknande situasjon, seier Aljarawan.