Hopp til innhold

Mímir Kristjánsson inn på Stortinget: – Det betyr meir radikal politikk

Med Raudt trygt over sperregrensa lovar Mímir Kristjánsson meir radikal politikk. Men utanom hans mandat til tinget er rogalandsbenken rimeleg blå.

Slik reagerte Mímir Kristjánsson (R) på prognosen som kom klokka 21. Raudt sin valvake er på

Slik reagerte Mímir Kristjánsson (R) på prognosen som kom klokka 21. Raudt sin valvake er på Folken i Stavanger.

– No skal eg først ta lappen, so skal eg køyre til Oslo, drite i trafikkreglane og svinge opp på Løvebakken i ein jæ**a feit bil, seier Mímir Kristjánsson.

Raudt har aldri vore på tinget for Rogaland, men no skal Kristjánsson ta turen til Oslo for å representere oljefylket.

Sjølv seier han det er historisk at eit parti sopass langt på venstresida har etablert seg med kring 4.7 prosent oppslutning nasjonalt.

Han trur hans parti saman med eit større SV vil kunne legge press på Arbeidarpartiet.

– Det betyr at vi har moglegheit til å legge mykje meir trykk på radikal politikk enn vi har hatt, seier Kristjánsson.

Mandatfordeling: Rogaland

PartiAntall mandaterEndring fra 2017

Eit bilete i endring

Tidleg måndag kveld såg det ut til at ei overvekt av borgarlege representantar kom til å bli sendt til Stortinget.

Mellom anna låg det an til at Framstegspartiet skulle få like mange representantar som Arbeidarpartiet, men no ser det annleis ut.

– Mímir? Det var ganske gale, seier May Helen Hetland Ervik.

Tidlegare såg det ut til at ho skulle på tinget saman med Frp-partifellar Roy Steffensen og Terje Halleland.

Men so tok Kristjánsson hennar plass.

– So korleis har denne kvelden vore?

– Det er veldig kjekt å vere med kollegaar og ha det moro. Men det har vore veldig spanande, og det er framleis veldig spanande, seier Ervik.

Framstegspartiet enda med to mandat, eitt mindre enn ved førre val.

Partioppslutning: Rogaland

PartiOppslutningEndring fra 2017
AP
0.0%
0.0
BLANKE
0.0%
0.0
DEM
0.0%
0.0
FI
0.0%
0.0
FNB
0.0%
0.0
FRP
0.0%
0.0
GENE
0.0%
0.0
GT
0.0%
0.0
H
0.0%
0.0
Oppslutning

– Rogalendingane stemte på Erna

På Høgre si valvake var det litt mindre jubel enn hjå Raudt. Bent Høie har som helseminister hatt ei sentral rolle det siste halvanna året.

– Vi har fått mykje klapp på skuldra for den jobben vi har gjort, men folk stemmer ikkje av takksemd. Dei stemmer på det som er framover, seier Høie.

Det er også grunnen, trur han, til at Høgre vart det største partiet i Rogaland – både i talet på stemmer og mengda representantar til Stortinget.

Men regjeringsskifte – det vert det likevel.

– Churchill vann andre verdskrig, men han tapte det første valet etterpå, so den lagnaden delar vi, seier han.

– So Høie vann over pandemien, men tapte valet?

– Høgre har styrt landet gjennom tre svære kriser, og so er det verd å merke seg at det ikkje er rogalendingane som har stemt fram dette regjeringsskiftet. Rogalendingen har stemt for Erna Solberg som statsminister og gjort Høgre til det desidert største partiet, seier Høie.

Tek ikkje sigeren på forskot

Men Kristjánsson vel å ikkje bestille oppkøyring heilt enno. Han er framleis forsiktig med å juble for ein eigen stol på tinget.

– Men skal eg vere heilt ærleg med deg, so drit eg litt i det. Viss Raudt kjem over sperregrensa, har vi endra norsk historie. Det er meir verd enn fire år på Stortinget, altso, seier Kristjánsson.

– Men du ynskjer inn der?

– Ja, sjølvsagt gjer eg det, eg har jo drive valkamp i to år. Men i alle dagar altso, ein må jo klare å sjå litt utanfor seg sjølv, og kjem Raudt over sperregrensa, so vil det vere historisk.

Mímir Kristjánsson på valvaken til Raudt på Folken i Stavanger

Mímir Kristjánsson er truleg inne på Stortinget, men ingenting er skrive i stein enno.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Psykisk helse viktig for Sp

Lisa Marie Ness Klungland er andrekandidat for Senterpartiet og er inne på tinget for første gong.

– Det var so sjukt spanande og nervepirrande, seier Klungland.

– Kva drøymer du om å få ordna når du kjem inn til Oslo?

– No håpar eg at vi kan få rusta opp kring psykisk helse, at folk kan få hjelp når dei treng det.

Lisa Marie Ness Klungland

Lisa Marie Ness Klungland er ein av kandidatane under 30 som truleg vil få eit sete på Stortinget.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Ap mindre enn Høgre

Tove Elise Madland er tredjekandidat for Arbeidarpartiet i fylket, og er soleis inne som sistemann for venstresidas største parti.

– Dette er fantastisk. No får vi ein ny statsminister.

Madland seier ho har trua på Arbeidarpartiet si draumeregjering med Sp og SV, og seier ho ser fram mot å representere Rogaland i Oslo.

Sveinung Stensland er ein av dei fire frå Høgre som skal stå i opposisjon til Madland og hennar gjeng.

– Vi gjorde eit godt val i Rogaland og beheld alle mandata våre. Hadde resten av landet stemt som Rogaland hadde vi jo hatt ei borgarleg regjering, men diverre er det no Austlandet som tek over med veldig mange radikale veljarar.

– So det vert eit heilt nytt storting med ei regjering som ligg langt til venstre for det Rogaland føretrekker, seier Stensland.

Høgre er størst i Rogaland

Reporter Gisle Jørgensen trefte Sveinung Stensland etter valvaka.

Ut av regjering og ingen plass på tinget

– Det såg litt skummelt ut med tanke på sperregrensa, men no har vi stabilisert oss godt over. No føler eg ein enorm lette, for det er jo å vere eller ikkje vere for eit parti på Stortinget, seier Iselin Nybø.

Ho var førstekandidat for Venstre i Rogaland og er næringsminister i Solbergs regjering.

Partiet skaffa ikkje nok stemmer i fylket til å få henne på tinget denne gong.

– Det er synd for Rogaland Venstre at vi ikkje får representasjon på Stortinget. For meg personleg kjem det nok til å ordne seg, sjølv om eg no må ut og finne meg ein skikkeleg jobb, seier Nybø og smiler.

Venstres Iselin Nybø er glad for at partiet ligger over sperregrensen klokken 23.00.

Iselin Nybø i Venstre er glad for at partiet ligg over sperregrensa klokka 23.00.