Hopp til innhold

Meiner det er på tide å avvikle haustferien

STAVANGER (NRK): Haustferien har mista sin funksjon og set foreldre i ei unødvendig tidsklemme, meiner stortingsrepresentant Margret Hagerup (H). Ho vil jobbe for å avvikle ferieveka.

Høstferie i Stavanger

UEINIG MED MOR: Stortingsrepresentant Margret Hagerup vil avvikle haustferien. Det synest ikkje ungane hennar er ein god ide.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Med haustferie, vinterferie og fem planleggingsdagar har småbarnsforeldre tre veker der dei skal prøve å ta seg av barna, seier stortingsrepresentant Margret Hagerup (H).

Sjølv har ho ikkje haustferie, men det har dei fire barna hennar. Dei spring ivrig rundt i Stavangers gater på jakt etter nye Pokémons å fange.

Høstferie i Stavanger

BRÅTT PÅ: Hagerup meiner haustferien alltid kjem litt brått på foreldra, på same måte som planleggingsdagane kjem brått på.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Skapar ein unødvendig tidsklemme

Stortingsrepresentanten ser på seg sjølv som ein av dei heldige. Ho har moglegheita til å reise heim og avlaste mannen den siste delen av ferieveka.

– Haustferien skapar ei tidsklemme der mange foreldre må ta med barna på jobb. Og ikkje alle foreldre har denne moglegheita heller.

Ho meiner det er betre at begge foreldra får kvalitetstid saman med barna i sommar- og juleferien.

Vil avvikle haustferien

I tillegg meiner politikaren at haustferien har mista sin funksjon, og at den skapar eit unødvendig logistikkproblem for foreldre. Derfor tek ho til ordet for å avvikle haustferien.

– Ferien kom opphavleg fordi barna skulle hjelpe til med å hauste potetar. Der er vi ikkje i dag. Kanskje det er på tide å diskutere bruken av haustferie?

Ueinig med mor

Men sonen, Lyder Hagerup Gjesteland (8), er ikkje einig i at det er ein god idé å avvikle haustferien. Han har brukt ferien på å vere heime, leike og spele Pokémon Go.

Pokemonjakt

FANGET: Lyder Hagerup Gjesteland (8) viser stolt fram at han har klart å fange pokémonen Gengar.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Kva synest du om at mamma vil fjerne haustferien?

– Det er dumt.

– Kvifor det?

– Fordi då må vi gå på skulen.

– Elevane treng ein pause

Han får støtte frå leiaren i Utdanningsforbundet i Rogaland, Gunn Reidun Tednes-Aaserød. Ho meiner at det er eit godt pedagogisk grunnlag for å behalde haustferien, i motsetning til Hagerup som meiner at haustferien kjem for tett på den lange sommarferien.

Gunn Reidun Tednes-Aaserød

VIL BEHALDE FERIEN: Leiar i Utdanningsforbundet i Rogaland, Gunn Reidun Tednes-Aaserød meiner elevane har godt av ei veke fri på hausten.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– Etter sommaren bruker elevane ei stund på å komme inn i rolla si igjen. Derfor er haustferien faktisk den ferien eg tenkjer det ligg noko fornuftig i.

Når elevane er tilbake på skulebenken etter haustferien, er dei «fit for fight» og går inn i ei god arbeidsperiode fram mot jul, erfarer Tednes-Aaserød.

Tednes-Aaserød forstår at fleire meiner at haustferien har mista sin opphavlege funksjon. Likevel har er ho klar på at haustferien framleis er viktig.

– Haustferien gir eit avbrekk. Det er akkurat som at ungane blir meir samla etter det.

Det lukter kakao i gangen og det er fingermerker på salatbollen. Det betyr bare én ting: Høstferie

Det lukter kakao i gangen og det er fingermerker på salatbollen. Det betyr berre éin ting: Haustferie