Hopp til innhold

Prøver å redde fordelane for desse i siste liten

Tysdag skal Stortinget ta stilling til om Enova framleis skal gi støtte til elektriske varebilar. Skjer ikkje det, fryktar Ola Elvestuen (V) at regjeringa ikkje når målet om nullutslepp i 2025.

En elektrisk varebil hos firmaet Helgevold blir ladet

37 prosent av alle nyregistrerte varebilar i 2023 har vore elektriske. No fryktar fleire at det talet vil gå ned om Enova framleis kuttar i støtta.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

CO₂ i atmosfæren
423,3 ppm
1,5-gradersmålet
+1,06 °C
Les mer  om klima

– Dei gir seg altfor tidleg, seier tidlegare klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).

Elvarebil-salet har hatt ein kraftig vekst frå 2019. Då låg salet av elvarebilar på 6 prosent av nybilsalet.

Same år, då Elvestuen var klima- og miljøminister, lanserte Enova ei støtteordning til elvarebil som ein del av Nullutslippsfondet.

Vil redde ordninga

Ordninga innebar støtte på opptil 50.000 kroner ved innkjøp av varebilar under 4500 kilo.

Så langt i 2023 har 37 prosent av nyregistrerte varebilar i det private næringslivet vore elektriske.

No har Enova varsla at støtteordninga blir fasa ut. Det skjer 31. mai.

Pressesjef i Enova, Eiliv Flakne, forklarar avviklinga slik med at marknaden har utvikla seg i riktig retning.

– Det er fleire som vel elbil, det har komme fleire modellar og teknologien har blitt betre. Vi har nådd eit punkt kor det ikkje er riktig at staten skal bruke pengar på stønad, seier han.

Elvestuen håpar likevel at ordninga kan reddast.

16. mai la han fram eit forslag på Stortinget, på vegner av Venstre og MDG, om at Enova-støtta til elektriske varebilar måtte halde fram.

Ola Elvestuen møter pressen på siste dag av klimatoppmøtet i Madrid.

Ola Elvestuen (V) håpar å få med seg Stortinget på å snu og halde fram med å støtte elektriske varebilar.

Foto: Milana Knezevic

Noverande klima- og miljøminister, Espen Barth Eide (Ap), sa frå talarstolen på Stortinget at dette ikkje lenger var nødvendig, då elektriske varebilar no er billigare enn varebilar med fossilt drivstoff.

Men det er ikkje sikkert, ifølgje Terje Halleland (Frp), som sit i miljø- og energikomiteen på Stortinget.

– Etter møtet har eg vorte fortald at dette kanskje likevel ikkje er tilfelle, seier Halleland.

Elbillader i varebil

Christina Bu i Elbilforeningen meiner det er vanskelegare for små bedrifter å bruke elektriske varebilar, då dei har kortare rekkjevidd enn bilar som går på fossilt drivstoff.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Dyrare med elvarebilar

Halleland seier han er innforstått med at det ikkje er vits i å ha noka støtteordning dersom elektriske varebilar no er billigare enn varebilar med fossilt drivstoff.

Men om dette ikkje er tilfelle, som han no trur, seier Halleland at han og Frp vil stemme for forslaget til Elvestuen på tysdag.

Ifølgje tal frå Enova var elvarebilar marginalt billigare enn varebilar med fossilt drivstoff fram til nyttår. Men så har prisen skote i vêret.

Gjennomsnittsprisen på ein elvarebil var i mars i år i underkant 100.000 kroner meir enn ein varebil som går på fossilt drivstoff, ifølgje Enovas statistikk.

– Målet er at vi berre skal selje elvarebilar frå 2025. Då er det for tidleg å gi seg allereie no. Regjeringa må gi Enova eit tydelegare mandat. Dei jobbar berre ut frå det som er avtalen, seier Elvestuen.

Terje Halleland, stortingsrepresentant for Frp.

Terje Halleland (Frp) gir kanskje Ola Elvestuen støtte viss det viser seg at det faktisk er dyrare å kjøpe elektriske varebilar enn varebilar som går på fossilt drivstoff.

Foto: Håkon Mannsåker

Avtalen er at støtta skal fasast ut når det er ein marknad for klimavennlege tiltak.

– Oppgåva deira er å gi støtte til marknadsintroduksjon. Det vi treng er at dei gir ei støtte slik at vi når måla vi har sett oss, seier han.

Skal vere nullutslepp innan 2025

Målet sett av regjeringa er at alle nye personbilar og lettare varebilar skal vere elektriske ved utgangen av 2025.

– No er vi oppe i 37 prosent sal av elvarebilar. Skal vi nå 100 prosent i 2025 må vi halde fram med å gi støtte, seier han.

Han meiner det vil vere lett å gjennomføre og håpar og trur at fleire parti vil støtte forslaget.

Høgre er likevel klare på at dei ikkje kjem til å støtte forslaget til Elvestuen.

Mathilde Tybring-Gjedde seier til NRK at Enova kjem til å måtte ta vanskelege avgjerder framover mot 2030.

– Om vi skal kutte over 50 prosent av utsleppa våre og elektrifisere transportsektoren, må dei følgje med på marknaden og vri støtta dit det trengst mest for å utvikle og introdusere ny klimateknologi. Vi meiner terskelen må vere høg for at Stortinget skal overstyre Enova, og vi vil derfor ikkje gjere det her, seier ho.

Mathilde Tybring-Gjedde

Mathilde Tybring-Gjedde (H), kjem ikkje til å støtte forslaget til Elvestuen.

Foto: Tore Linvoller / NRK

– Vanskelegare å bruke elektrisk varebil

Generalsekretær Christina Bu i Elbilforeningen påpeikar at majoriteten av salet av nye varebilar har diesel som drivstoff.

– Klima- og miljøministeren påstår altså at bilane no er konkurransedyktige. I så fall hadde vi vore i rute til å nå målet om 100 prosent utsleppsfrie varebilar, seier ho.

Christina Bu generalsekretær Norsk elbilforening

Generalsekretær i Norsk elbilforeining, Christina Bu.

Foto: Jamieson Pothecary

Det er vi ikkje, ifølgje Bu.

– Det er fordi elektriske varebilar har vesentleg kortare rekkjevidd enn ein gjennomsnittleg elektrisk personbil, noko som gjer at sjåføren må bruke arbeidstid på lading. Ulemper knytt til bruk må derfor vegast opp med sterkare økonomiske verkemiddel, seier ho.

Regjeringa skriv i ein e-post til NRK at ifølgje bransjen sine eigne tal i andre halvår 2022 var snittprisen for elvarebilar i snitt lågare enn fossile varebilar.

Dette viser at statleg direkte støtte vil vere overflødig og uvørden bruk av fellesskapsmidla. Ein kommersiell konkurranse som driv prisane ned må vi ønskje velkommen, seier statssekretær Ragnhild Sjoner Syrstad i Klima- og miljødepartementet.