Hopp til innhold

Hovudmålet er ikkje lengre nullvekst

Då fylkespolitikarane sa ja til å krevje inn 25 milliardar på 15 år gjennom bompengar på Nord-Jæren, så var hovudmålet nullvekst i biltrafikken. Slik er det ikkje nå lengre.

Bomringen på Forus

Forusområdet har vore årsak til mykje av biltrafikkveksten på Nord-Jæren.

Foto: Bjørn Grimen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Den 14. mars sende Transportkomitéen på Stortinget saka om ny bomring på Nord-Jæren over til stortingsbehandling.

Bomringene på Nord-Jæren

Den nye bomringen skal ha heile 35 bomstasjonar spreidd ut over Nord-Jæren.

Foto: NRK

Då hadde hovudformålet for bomringen endra seg. Fylkespolitikarane vedtok nullvekst i biltrafikken fram mot 2032, medan komitéen sende frå seg eit dokument der det sto at "målet for Bypakke Nord-Jæren er nullvekst i personbiltrafikken.

På den måten hadde stortingspolitikarane gjort eit grep som held næringstrafikken utanfor nullvekst-målet.

Får konsekvensar

– Ja, det vil ha stor betydning for personbilbruken. Den må nok reduserast meir enn det ein tenkte i utgangspunktet.

Heidi Bjerga

Heidi Bjerga frå SV er skeptisk til endringa i hovudformål.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Dette seier Heidi Bjerga, som representerer SV i Rogaland Fylkesting. Partiet hennar var med på vedtaket om å setja opp ein ny og dyrare bomring på Nord-Jæren, som skal ta inn om lag 25 milliardar kroner fram til 2032.

Nå er ho kritisk til endringa av hovudmålet som har skjedd gjennom behandlinga i Transportkomitéen.

– Det er nok ein måte å pulverisera det litt på, tenkjer eg.

Dei fleste tar det med ro

Den tankegangen deler verken det største opposisjonspartiet Høgre, og heller ikkje Venstre eller Senterpartiet, som er to av fleirtalspartia i Rogaland Fylkesting.

Arne Bergsvåg

Arne Bergsvåg representerer det store fleirtalet som ikkje trur endringa betyr så mykje i praksis.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Dersom me skulle hatt nullvekst også for nyttetrafikken, så kunne det også ført til stagnasjon i næringsutviklinga, og det er det jo ingen som ønskjer, seier Arne Bergsvåg frå Sp.

– Opplever du at denne endringa kan føra til ei utholing av hovudmålet om nullvekst i biltrafikken, som er ordlyden i vedtaket frå Fylkestinget?

– Med den satsinga på kollektiv som bomringvedtaket legg opp til, vil det føre til at fleire brukar kollektive reisemåtar. På det viset vil me oppnå ein god gevinst med reduksjon i personbiltrafikken, seier Bergsvåg.