Hopp til innhold

Stort steinras stenger veg: – Køyrer strekninga med hjarta i halsen

Det har gått eit stort steinras på riksveg 13 i Suldal i Rogaland. Åshild Vetrhus køyrer strekninga kvar dag. Ho frykta at liv kan gå tapt om ikkje rassikring vert prioritert.

Åshild Vetrhus/Steinras i Suldal

NOKO MÅ BLI GJORT: Åshild Vetrhus er redd når ho køyrer forbi rasstrekninga. – Det er to stadar på strekninga eg alltid ser opp i fjellet om det er steinar på veg nedover. Der kor raset no er gått no er ein av dei stadane.

Foto: OLE ANDREAS BØ/MAILI MUST HAVREVOLL

Åshild Vetrhus er på veg til jobb i Sand, men i dag må ho køyre den lange omkøyringa over Saudafjellet.

Til vanleg tar køyreturen frå kommunesenteret i Sand til bygda Nesflaten i Suldal 47 minuttar. På grunn av omkøyring vil det no ta to timar og 44 minutt, ifølge Google Maps.

– Det er ein frykteleg stygg plass det er gått ras no. Eg gjev alltid ekstra gass forbi.

Åshild Vetrhus

LIV KAN GÅ MED: Åshild Vetrhus er redd at menneske skal hamna i midt i eit steinras på strekninga.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Statens vegvesen fekk melding om raset like etter klokka elleve i dag. Raset er rundt 100 meter langt, og det er ein stad mellom 50 og 100 kubikk med stein som har rasa ned i vegbana

– Ungar som bur i Hamrabø og Mokleiv pendlar forbi rasområdet for å gå på skule på Nesflaten, seier Vetrhus.

Ho held fram:

– Heile riksveg 13 er eit problem med tanke på ras. På dagar med mykje nedbør køyrer eg heile strekket med hjarta i halsen. Eg ønskjer meir pengar til rassikring.

Ingen personar vart råka av raset i dag.

Veit ikkje når vegen opna

Entreprenørar er på plass ved rasområdet, men dei vil ikkje gjera noko før geologar har vore på staden. Kor lang tid det vil ta å rydda vegen er usikkert, men Statens vegvesen er klar på at det kan ta lang tid.

Ras i Suldal

SLIK SER DET UT NO: Store og små steinar er rasa ut i vegbana.

Foto: Maili Must Havrevoll

– Vegen vil uansett ikkje bli opna før geolog har gjort ei vurdering på staden, og truleg vil den ikkje bli opna i dag, seier trafikkoperatør hos Statens vegvesen, Marianne Hove.

For store køyretøy er omkøyringsalternativet europaveg E134 via Åkrafjorden, for vanlege køyretøy er det fylkesveg 520 over Saudafjellet.

Det er ikkje første gong det har gått steinras i dette området. Tilbake i 2012 og 2016 gjekk det også steinras på same strekning.

I 2012 rasa det ut mellom 3–500 kubikk med stein på vegen. Den gong vart vegen stengt i fem dagar.

Steinraset som stenger riksveg 13 gjekk mellom Suldalsosen og Nesflaten, langs Suldalsvatnet.

– Må gjera grep

Ordførar Gerd Helen Bø (Sp) er fortvila over at rassikringstiltak ikkje vert prioritert.

– Eg har akkurat gjort meg orientert om raset gjennom media. Det har vore ein del store ras på riksveg 13 langs Suldalsvatnet. Det Ingen planar om gode rassikringstiltak der.

Gerd Helen Bø

FORTVILAR: Ordførar i Suldal kommune, Gerd Helen Bø, er skuffa over at rassikringstiltak ikkje vert prioritert.

Foto: Joachim Steinbru

Ho fortel vidare at Statens vegvesen har lova ein gjennomgang av strekninga etter eit større ras for eit par år sidan.

– Dette er ein strekning som er veldig utsett for ras, som mange andre strekningar i kommunen vår.

Ordføraren ønskjer no fleire tiltak.

Raset frå lufta

FRÅ LUFTA: Slik ser raset ut frå lufta.

Foto: Tobias Mathiesen

– Me ønsker jo alltid meir rassikring av alle vegar, men aller mest Rødsliane mellom Sand og Erfjord, det er der det er styggast.