Hopp til innhold

Stort steinras i Sauda – bygd isolert

SAUDA (NRK): Eit større stein- og jordras stenger fylkesveg 520 mellom Sauda og Hellandsbygda i Rogaland. Ingen er tatt av raset, ifølge politiet.

Ras Sauda

STORT RAS: Fylkesveg 520 mellom Sauda og Hellandsbygda er stengt på grunn av eit større ras.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Like før klokka 3.30 opplyser politiet at det er lite truleg at nokon er tatt av raset som gjekk over fylkesveg 520 fredag kveld.

Raset har gått 7-8 kilometer frå Sauda sentrum, på vegen mellom Sauda og Røldal.

Politiet har saman med skredgruppa til Røde Kors undersøkt raset frå lufta.

– Raset er om lag 20 meter breitt og fyller vegbana med tunge steinar. Me kan med stor sikkerheit seia at det ikkje er nokon i raset, men me har ikkje søkt i sjølve raset, seier innsatsleiar Stein Torjusen i Sørvest politidistrikt til NTB.

80 personar isolerte

Raset sperrar vegen mellom Sauda og Hellandsbygda. Der er 60 innbyggarar og om lag 20 lokale hyttefolk isolerte fordi vegen austover mot Røldal er vinterstengt.

Jan Reidar Aartun

Jan Reidar Aartun var på rasstaden kort tid etter raset.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Jan Reidar Aartun frå Hellandsbygda kom til rasstaden med bil fredag kveld, kort tid etter at raset hadde gått.

– Eg såg ein vegg av stein og jord. Det var ingenting anna å gjera enn å komma seg frå plassen så fort som råd, seier han til NRK.

Aartun passerte også same strekning berre tjue minutt før. Då var det ikkje nokon teikn på at raset skulle koma.

– Det er ikkje noko kjekt. Eg er 72 år og er vel blant dei som har køyrd denne vegen mest. Eg ser stadig vekk steinsprang, så det er på høg tid vegen får ein skikkeleg kontroll.

Stengt veg Sauda

STENGT VEG: Det er uvisst kor lenge Fylkesveg 520 mellom Sauda og Hellandsbygda blir stengt.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Legg plan for opprydding

Vegtrafikksentralen opplyser at geolog vil vera på staden saman med entreprenør om lag klokka 9 laurdag. Dei vil då legga ein plan for vidare opprydding.

Statens vegvesen opplyser til NRK i 13-tida at det blir jobba for fullt med å rydda vekk raset. Vegvesenet håpar vegen blir delvis opna laurdag ettermiddag eller kveld.

Raset blei meld like før klokka 23 fredag kveld, og eit helikopter frå 330-skvadronen frakta folk frå skredgruppa til Røde Kors og lavinehundar inn til området.

Raset stenger fylkesveg 520, som er del av Statens vegvesen sine nasjonale turistvegar, like ved turistattraksjonen Allmannajuvet.

Ras Sauda ny 2