Stort behov for folk med fagbrev

Bedriftene i Rogaland treng fleire folk med fagbrev. Størst er behovet i tradisjonelle oljefag.

Oljearbeider boredekk
Foto: Vidar Dons Lindrupsen

Sju av ti bedrifter i Rogaland treng nye tilsette med fagbrev i løpet av dei neste fem åra. Det viser ei undersøking som NHO Rogaland har gjort.

– Når 69 prosent svare at det er behov for fagarbeidarar, så er det nok både grunna naturleg avgang, men også grunna ei forventning om vekst og ei forventing om å tilsette folk med ein relevant kompetanse som bedrifta treng, seier rådgjevar i NHO Rogaland, Tormod Andreassen.

Behov størst innan oljefag

For mange kan dette truleg opplevast som eit paradoks. Det har forsvunne 32 000 jobbar i oljeindustrien sidan hausten 2014, og kvar veke kjem det melding om nye permitteringar og nedskjeringar i bransjen, spesielt i oljefylket Rogaland.

Men Andreassen i NHO Rogaland viser til ei undersøking blant sine over 400 medlemsbedrifter, som ikkje er til å misforstå.

– Byggfag, elektrofag og teknikk og industriell produksjon. Det er dei tre faga som utmerker seg.

Tormod Andreassen

Tormod Andreassen er rådgjevar i NHO Rogaland.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Men det er jo akkurat desse gruppene som me høyrer mister jobben i desse dagar?

– Ja, men dei første som får ein jobb er dei som har ei fagutdanning, seier Andreassen.

Redd for rekrutteringa

Også Andreassen vedgår at han står i ein vanskeleg posisjon, når han nå skal oppfordre ungdom til å satse på fagbrev i yrkesfag.

Men den 1. mars er fristen for å søkje vidaregåande utdanning, og NHO er livande redde for at ungdommen skal velje vekk industri og yrkesfag, fordi situasjonen der ser svart ut for tida.

– Det er vanskeleg å kommunisera dette når me har ei arbeidsløyse på 4,9 prosent i Rogaland. Men det er likevel ei klar tilbakemelding frå bedriftene om at me treng desse om fem år, seier Andreassen.