Hopp til innhold

Storsiger for Avaldsnes i pøsregnet

Holmfridur Magnusdottir var i storform og skåra fire av måla då Avaldsnes banka Kolbotn 5–0. Her ser du alle måla.

Avalandsnes - Kolbotn i Toppserien for kvinner.

Sjå alle måla til Avaldsnes her.

Vind og kraftig regn gjorde speleforholda vanskelege. Men Avaldsnes var sterke og laga målshow på Karmøy søndag kveld.

Islendingen Holmfridur Magnusdottir skåra ekte hat-trick i første omgang, og putta like godt eit fjerde mål 10 minutt ut i den andre omgangen.

Cecilie Pedersen fekk æra av å laga det femte og siste målet til Avaldsnes på Avaldsnes Idrettssenter i kveld.

– Me gjorde ein fantastisk kamp både defensivt og offensivt, sa Avaldsnes-trenar Roar Wold til NRK like etter kampslutt.

Han var imponert over det jentene presterte på den søkkvåte bana.

– Dei var sinnssjukt gode. Og så blei kampen vist på tv. Det blei ein fantastisk propaganda for damefotballen, seier ein svært fornøgd Avaldsnes-trenar.