NRK Meny
Normal

Enorme vassmengder i Rogaland

I dag har vatnet vore unormalt høgt langs kysten i heile Sør-Norge. – Det verste er over nå, seier meteorologane.

stormflo

Her råka stormfloen som var varsla for laurdag.

Foto: Meteorologisk institutt

I Stavanger sentrum har sjøen til tider slått over bryggekanten laurdag føremiddag. Derfor la dei i 11-tida ut ein demning i Vågen.

Statsmeteorolog Anna Reistad meiner at dei kan ta det med ro nå.

– Dersom det ikkje har skjedd noko skade så langt, kan dei slappa av, for det verste er over nå, seier ho til NRK klokka 11.30.

Ho seier at den observerte vasstanden har vore litt lågare enn det dei først varsla om. Den har ligge på 15 til 20 centimeter over normal vasstand.

Floen har kome på grunn av storm sør i Norskehavet.

– Det skuldast sterk vind produsert av lågtrykk som ligg sør i Norskehavet og ein del vind på kysten. Vinden pressar sjøen opp mot kysten, seier Reiestad.