Styreleiar i Tine Meieriet Sør, Tor Inge Eidesen, stadfestar at dei må kutta 60 årsverk dersom stormeieriet vert ein realitet.
Tine Sør har ikkje endeleg sagt at dei ynskjer å byggja eit stormeieri, men i går vart ein rapport som syner investeringskostnadar på rundt 700 millionar kroner lagt fram for styret.
Slår saman fire meieri
Det er i denne rapporten selskapet legg opp til nedbemanninga. Styret meiner dei kan spare rundt 25 prosent av driftskostnadane ved å slå saman dei fire småmeieria i Dalane og på Jæren til eit stormeieri.
Nyanlegget vil enten liggje på Orstad i Klepp, Hålandsmarka i Time eller Kviamarka i Hå.
Styret i Tine Sør skal vedta om dei vil anbefala stormeieri på eit styremøte 25 november. Konsernstyret i Tine skal deretter ta den endelege avgjerda.