Hopp til innhold

Mona storma ut av Stortinget etter nytt nederlag

Stortinget avviser full, statleg gjennomgang av erstatningsreglane for barn utsett for overgrep og vald. Det gjorde Mona Anita Espedal sint og skuffa etter vedtaket i kveld.

Sjå Debatten her.

Historia om Mona Anita Espedal frå Sandnes, og hennar kamp for rettferdig erstatning etter tapt barndom, har gjort eit sterkt inntrykk på mange.

I dag stilte ho sjølv opp på Stortinget i håp om å få endra lovverket, slik at barnevernsbarn blir behandla likt i erstatningssaker.

No er det nemleg heilt ulike ordningar for erstatning etter kva kommune du bur i.

Men for Mona gjekk det ikkje slik ho håpa på.

Endringane ho vil ha gjennom, blei det ikkje fleirtal for under stortingsmøtet i kveld.

Eit fleirtal, ståande av Framstegspartiet, Høgre og Senterpartiet, stemte mot KrF sitt forslag om full, statleg gjennomgang av erstatningsreglane.

– Dette er eit klart løftebrot for andre gang. Viss erstatningsordningane skal stå slik dei gjer i dag, vil det bli store forskjellar på kven som får erstatning og ikkje, seier Mona Anita Espedal.

– Alt blir som før

Vedtaket som fekk fleirtal er innstillinga som justiskomitéen la fram. I den innstillinga ber dei at kommunesektoren sin organisasjon (KS), i lag med regjeringa, skal legga fram eit forslag til ei frivillig kommunal og fylkeskommunal erstatningsordning.

Karin Andersen (SV) meiner fleirtalspartia i praksis spelar ballen tilbake til kommunane, og at alt kjem til å bli som før.

Karin Andersen

Karin Andersen (Sv) er skuffa over dagens resultat i Stortinget.

Foto: NRK

Det betyr framleis store skilnadar og tilfeldige erstatningsordningar ut frå kva kommune ein bur i, ifølge stortingspolitikaren.

– At kommunane sitt sentralforbund (KS) skal komme med tilråingar ut frå korleis nokre kommunar vel å løyse dette i dag, vil ikkje hjelpe noko som helst. Mona si sak viser klart at dette ikkje har fungert, meiner Andersen.

Solveig Horne (Frp) er ikkje samd med Karin Andersen.

– Me speler ikkje ballen tilbake til kommunane aleine. KS skal ta ein gjennomgang i samarbeid med regjeringa, der kommunane skal få like retningslinjer.

For Mona Anita Espedal er kampen for ny erstatningsordning ikkje er over, trass nederlaget i kveld.

– Eg kjem ikkje til å gje meg, og alt i kveld stiller eg opp i Debatten på NRK1.

Der skal Mona Anita diskutera kva retningslinjer som skal nyttast i erstatningssaker for personar som er svikta av barnevernet.

På den andre sida av bordet møter ho mellom anna Sandnes-ordførar Stanly Wirak, som nyleg avviste hennar krav om erstatning.

NRK TV – Debatten – I dag 4. desember