NRK Meny
Normal

Hald på hatten

Rogaland får det meste vêret det går an å tenkje seg denne søndagen. Minus sol, altså.

Bølger og vind

Bildet er tatt ved Obrestad på Jæren.

Foto: Kim Joar Larsen

Meteorologisk institutt melder om liten til stiv kuling først på søndagen.

Vinden tar seg opp og når i kveld sterk kuling og til dels liten storm på Jærkysten sør for Obrestad.

Vinden får følge av regn og haglbøyer i låglandet. Snøen kan du møte så langt ned som frå 100 meters høgde.

For å sette krona på verket kan meteorologane også by på fare for torevêr.

Vindfullt i fjellet

I fjellet i Sør-Norge er det venta sørvestleg stiv kuling utsette stader. Frå i ettermiddag liten kuling.

Det blir også nokre snøbøyer i fjellet, flest i vestlege område.