Hopp til innhold

Storkontroll avslørte 196 ulovlege hummarteiner

Fiskeridirektoratet har saman med politiet, Kystvakta (KV) og Statens naturoppsyn (SNO) sjekka hummarfiske før det starta offisielt 1. oktober. Kysten frå Florø til Egersund, hummarfredingsområdet i Sognefjorden og Oslofjorden er undersøkt.

Det blei funne 196 reiskapar dagane aksjonen vart gjennomført. I Rogaland blei det beslaglagt 75 reiskapar, i all hovudsak teiner. Mellom fylkesgrensa sør i Vestland og Bergen blei det beslaglagt 121 reiskapar.

Resultata frå Oslofjorden er ennå ikkje klare.